søndag 8. mars 2026

ESPEN LIND MED BAND I OPERAHUSET

Det var fullt hus og stormande jubel under konserten med Espen Lind i Operahuset sist fredag.  Både Espen Lind og musikarane er tydelegvis superprofesjonelle og leverte "varene" så det heldt heile vegen.  På slutten av konserten reiste alle tilhøyrarane seg og trampeklappa musikarane gjennom fleire ekstranumer.  Fantastisk stemning og strålande konsert til terningkast 6 er vel konklusjonen eg kan drage etter nok ein suksessfull kveld i Operahuset.  Det vart også denne gongen altfor mykje bilder, men det er vanskeleg å styre seg med så mange fantastiske motiv på scena.  Du finn og ein bunke på Facebook dersom du orkar. 




































tirsdag 4. november 2025

SIVERT HØYEM MED BAND I OPERAHUSET

Sist søndag kveld var det duka for storkonsert i Operahuset på Nordfjordeid då dei fekk besøk av Sivert Høyem med band.  Konserten har vore utseld lenge, så det var eit fulltallig publikum som møtte musikarane då dei gjekk på scena.  Og publikum fekk full valuta for inngongspengane for musikarane leverte til toppkarakter under heile konserten.  Denne gongen måtte eg opp på "galleriet" for å ta bilder, noko som var litt uvant sidan det var fyrste gongen.  Bilda blir difor litt "flyfotoprega".


















søndag 26. oktober 2025

THE JOHNNY CASH&JUNE CARTER SHOW I OPERAHUSET

Sist Fredag var det duka for Countryshow i Operahuset.  Det var musikken til Johnny Cash og June Carter som var framført denne kvelden. Ein fullsatt operasal med publikum frå fjern og nær tok imot musikarane då dei entra scena.  Det vart ein strålande konsert der kjende og kjære melodiar kom som perler på ei snor. Publikum var tydelegvis godt nøgde med det som vart servert for musikarane fekk ståande trampeklapp etter siste nummer.  Nok ein vellukka konsert i Operahuset.  Eg hadde sjølvsagt med kamera, og her kjem eit utval av bilda eg tok under konserten.  Eg har og lagt ut ein del bilder på Facebooksida mi.