lørdag 2. juli 2022

NORDFJORDKAMMER I KYRKJA


 Sist Fredag og Laurdag gjekk Nordfjord kammermusikkfestival av stabelen i Eid sentrum. Fredag kveld var det fyrst konsert i Sagastad, og deretter konsert ved puben i bankkjellaren.  Laurdag var det konsert med elevar frå musikkskulen i Gamlebanken, og om kvelden konsert i Eid kyrkje.  For min eigen del fekk eg med meg konserten i Sagastad og i Eid kyrkje.  Det er dei superdyktige fiolinistane Madelene Berg og Miriam Bergset som står bak dette arrangementet, og med seg på laget hadde dei  fire andre musikarvener.

Eg kan likegodt innrømme at klassisk musikk har eg rett og slett ingen kunnskap om bortsett frå at eg likar å høyre på det.  Filolinstrengar har eg aldri vore i nærleiken av, og langt mindre bratsj, cello og piano.  Når det gjeld notar har eg ei viss oversikt over rumpetrolla på notearket berre dei ikkje har for mange rumper og er krydra med for mykje kryss, b og hjelpelinjer.

Difor vil eg ikkje gje meg ut på å kommentere noko rundt musikken, for då trakkar eg ut i myra og blir ståande der.  Eg vil likevel prøve å kommentere  kor enormt imponert eg er over desse musikane og kor samspelte dei er.  Det er som om eit hovud styrer alle fingrane på samtlege med ein presisjon 0g konsentrasjon som er meg fullstendig uforståeleg.  Konserten varde i rundt to timar berre med små avbrekk.  Dette er prestasjonar på skyhøgt nivå, og hadde dei vore idrettsutøvarar så hadde eg sendt dei til OL omgåande.

Vi får håpe at dette blir eit årleg arrangement,  og at Madelene og Miriam er litt "heldigare" med veiret neste år.  Strålande sol, fin sommartemperatur og sjøen som freistar dei badeglade var vel ikkje med på å samle publikum innandørs.

Tusen takk til Madelene og Miriam som tek initiativet til ein slik musikkfestival, det er eit flott tilskot til alt anna som skjer på kulturfronten i Eid sentrum og Stad kommune.

Tusen takk også for at eg fekk lov til på være husfotograf under festivalen.   Eg er vel litt over gjennomsnittet interessert i det som skjer i kulturlivet og ikkje minst etter beste evne å "fange" musikarar og scenekunstnarar av alle slag ved hjelp av kamera.  Som regel blir det i meste laget med bilder, men det er ingen tvang å sjå igjennom alt.