søndag 28. april 2019

Sjøsetting av vikingskipet

I dag var dagen endeleg komen då vikingskipet skulle kome i sitt rette element, nemleg på sjøen.  Tusenvis av tilskodarar hadde møtt fram for å få med seg dette storhende som ein opplever berre ein gong i livet.  Det er ikkje lite av detaljar og planlegging som skal til for å få ein så stor båt velberga til sjøs.  Publikum måtte berre pente vente til alt var klart med stropper og utstyr og floa var passeleg høg.  I vår hektiske kvardag er tid noko av det vi har minst av.  Vi hastar oss avgarde til og frå gjeremål og aktivitetar og har tid til å snakke med grannar og kjende berre i forbifarten.  I dag måtte vi faktisk stå i fleire timar og vente for å få med oss sjøsettinga og bruke tida til å prate med kjende og ukjende utan å sjå på klokka.  I det lune fine vårværet var det i seg sjølv ei verdifull oppleving.  
Kameraet var sjølvsagt med på hendinga, og eg har forøvrig aldri i mitt liv sett så mange kamera og mobiltelefonar i bruk som på det fugleberget som omga sjøsettinga.  Eg vil gratulere alle innvolverte og ikkje minst dei utruleg dyktige og trottige bjørkedølene med ein strålande jobb.