fredag 20. august 2021

TUNGESTØLEN

 Det er ikkje alltid eg rekk å redigere bilda etterkvart og for kvar tur eg har vore på.  Denne sommaren har vi og hatt eit slikt fantastisk vær at det har freista meir å være ute  enn å sitje inne med PC en. Sommar går etterkvart over til haust, og kveldane blir lenger og mørkare.  Då passar det litt betre å ta fram att lagra bilder og mimre litt om turar ein har vore på.  Liv og eg var ein tur til indre Sogn i sommar og den eine dagen gjekk ferda til Luster, Veitastrond og Tungestølen.  Vi har vore i Veitastrond før, men Tungestølen var heilt ukjent område for oss.  Dersom du har tenkt å fylgje i bilspora våre, vil eg absolutt anbefale å gløyme alt stress og tung fot på gasspedalen når du passerar Hafslo.  For all del, vegen er fin, men den er smal og krokut, og berre plass til ein bil i bredda.  Dessutan køyrer du i ein fantastisk og spektakulær natur som er vel verdt å få med seg. Etter at du har passert det smale og lange Veitastrondvatnet kjem du til sjølve Veitastronda.  Ei enorm stor flate i enden av Veitastrondvatnet med grøne bøar, flotte gardar og hus.  Eg berre lurer på korleis det var å bu her inne for nokre ti år sidan, for ikkje å snakke om hundre år utan vegsamband til bygdene ikring og utrygg is på vatnet.  Ein ting er sikkert, det har vore knalltøffe folk som har slite i motgang og medgang og som det står enorm respekt av.  Målet for turen var allikavel Tungestølen, og vi fortsatte vidare innover dalen.  Etterkvart vart dalen om mogeleg endå breiare, og framfor oss låg eit fantastisk grønt elvedelta med beitande kyr og sauer.  Dei nye og spektakulære bygningane til DNT hytta på Tungestølen kom etterkvart til syne på eit høgdedrag i enden av dei store flatene.  Det herska ein ro og idyll over området som forplanta seg i heile kroppen.  Vi måtte sjølvsagt  ta turen oppom DNT hytta, og studere den både innvendig og utvendig.  Arkitekturen likte vi betre til meir vi gjekk der, og interiøret var enkelt, stilreint og koseleg med alt laga i heiltre.  Maten var enkel og velsmakande.  Seilerpatent og sjokoladekake sette ganen og magen stor pris på.  Særdeles nøgde sette vi kursen mot Hafslo og sjølv om det var midt i sommarferien trur eg ikkje vi møtte meir enn ti bilar på heile turen.  Her kjem ein bildeserie frå Tungestølen og området rundt.  Er du i beit for turmål som ikkje ligg altfor langt unna, er Veitastronda og Tungestølen absolutt å anbefale.














Bjøllesauen og etterkomarane hadde parkert motorsykkelen og tok ein velfortent pause blant dei spektakulære husa og fjella ikring.










  

onsdag 4. august 2021

KRISTIANSUNDTUR

 Kristiansund var målet for årets ferietur.  For oss som bur ute på bygda kan det av og til være litt spanande å ta ein bytyr iblant.  Største utfordringa er å finne fram i gatene på ukjende plassar.  Eg køyrer stort sett ikkje på større plassar enn Eid sentrum, så orienteringsløp med bil i framande gater er ikkje direkte nokon favorittsyssel.  Vi fekk no parkert tilslutt, og der fekk bilen stå i tre dagar.  Neste utfordring var å finne hotellet.  Det var fordelt på tre forskjellige bygningar med resepsjonen i den i midten.  Rommet låg i den tredje bygninga etter ein highway i femte etasje over eit gate.  Vi vart etterkvart bra kjende i nærområdet rundt hotellet, og vi leid inga nød med kjøpesenter og mange butikkar i nærområdet.  Der var og mange resturantar med svært varierande utval av matrettar, og svært mange gjestar var innom.  Det var til tider vanskeleg å få bord på kveldane.  Min favorittresturant var Sushi bar som er den stiligaste sushiresturanten eg har vore innom.  Men la det ogå være sagt, maten på chinaresturant Chen heime på Eid er fullt på høgde.  For min del var eg og ein tur innom lokala til Nordic light og ei fotoutstilling der.  Det er alltid inspirerande og interessant å studere kva andre ser gjennom sine kameralinser.  Når ein går og ruslar på framande plassar er der alltid spanande motiv som dukkar opp sjølv om  været ikkje var det aller beste under opphaldet med delvis regn og litt sur vind.  Returen gjekk via Atlanterhavsvegen til Bud og Molde.  Vi hadde eigentleg tenk å stoppe for ein matpause i Molde.  Etter ei stund med bilorientering i einvegskøyrte gater, blindvegar og rare kryss og rundkøyringar gav eg opp og leita meg fram til ferja.  Middagen vart då fortært på ein liten koseleg kafe på Vestnes som vi fann tilslutt etter intens kartlesing.  Den smørblide betjeninga var så trivelege at dei kunne smelte kuleisen i fryseboksen som måtte flyttast kvar gong nokon skulle gå inn til dei fire borda i kafeen.  Maten var god, og mette, fornøgde og fulle av varierande ferieinntrykk sette vi kursen mot heimlege trakter.  Her kjem ein liten bildeserie frå Kristiansund.





























tirsdag 3. august 2021

STATSRAAD LEHMKUHL I SELJE

 Det er allereide gått ei veke sidan årets storhende i Selje gjekk av stabelen.  Landets største seglskute, Statsraad Lehmkuhl, var på vitjing, og det måtte sjølvsagt Liv og eg få med oss.  For å få best mogeleg utsyn over innseglinga køyrde vi direkte til Skårbø og parkerte der.  Der var allereide fleire bilar med folk som skulle få med seg storhendinga.  Dessverre så hadde all knotten i Selje sendt invitasjon til gjestebod til all knotten på heile Stadlandet.  Med det same vi let opp bildøra stod ei sky av velkomstkommiteen rundt hovudet på oss.  Dei saumfor oss på alle kantar og ikkje ein krok av berr hud unngikk festkommiteen.  Vi  var sjølvsagt ikkje budde på ein slik varm velkomst, så dei fleste sette seg ganske snart inn i bilane igjen.  Heldigvis så hadde eg med meg ei Malakoff hettejakke, og no kom den til stor nytte.  Eg har aldri vore begeistra for hetta på dei jakkene (eg har mange), men den fungerte bra mot knotten.  Eg drog skyggehua ned for øyrene og hetta på jakka snørte eg til så eg hadde berre eit lite kikhol å sjå igjennom.  Heldigvis så slapp eg å sjå noko bilde av meg sjølv etterpå.  Det tok lang tid frå vi kom til skuta synte seg i horisonten, og enda lenger tid før den passerte Seljeøya.  Vi hadde håpa på å få skipet mellom oss og Selje kloster, men dere vart vi lurte.  Det stolte skipet passerte på baksida, og det einaste vi såg var mastene som så vidt stakk opp over tårnet på klosteret. Då skuta kom til syne inne ved sentrum forsvant alle bilane innover, og vi fylgde etter. På kaia og i sentrum var det så mykje folk og bilar at vi stoppa og fotograferte ved kyrkja.  Returen gjekk via polljane.  Vi var storleg nøgde med turen og ei oppleving vi ikkje ville vore forutan.