tirsdag 3. august 2021

STATSRAAD LEHMKUHL I SELJE

 Det er allereide gått ei veke sidan årets storhende i Selje gjekk av stabelen.  Landets største seglskute, Statsraad Lehmkuhl, var på vitjing, og det måtte sjølvsagt Liv og eg få med oss.  For å få best mogeleg utsyn over innseglinga køyrde vi direkte til Skårbø og parkerte der.  Der var allereide fleire bilar med folk som skulle få med seg storhendinga.  Dessverre så hadde all knotten i Selje sendt invitasjon til gjestebod til all knotten på heile Stadlandet.  Med det same vi let opp bildøra stod ei sky av velkomstkommiteen rundt hovudet på oss.  Dei saumfor oss på alle kantar og ikkje ein krok av berr hud unngikk festkommiteen.  Vi  var sjølvsagt ikkje budde på ein slik varm velkomst, så dei fleste sette seg ganske snart inn i bilane igjen.  Heldigvis så hadde eg med meg ei Malakoff hettejakke, og no kom den til stor nytte.  Eg har aldri vore begeistra for hetta på dei jakkene (eg har mange), men den fungerte bra mot knotten.  Eg drog skyggehua ned for øyrene og hetta på jakka snørte eg til så eg hadde berre eit lite kikhol å sjå igjennom.  Heldigvis så slapp eg å sjå noko bilde av meg sjølv etterpå.  Det tok lang tid frå vi kom til skuta synte seg i horisonten, og enda lenger tid før den passerte Seljeøya.  Vi hadde håpa på å få skipet mellom oss og Selje kloster, men dere vart vi lurte.  Det stolte skipet passerte på baksida, og det einaste vi såg var mastene som så vidt stakk opp over tårnet på klosteret. Då skuta kom til syne inne ved sentrum forsvant alle bilane innover, og vi fylgde etter. På kaia og i sentrum var det så mykje folk og bilar at vi stoppa og fotograferte ved kyrkja.  Returen gjekk via polljane.  Vi var storleg nøgde med turen og ei oppleving vi ikkje ville vore forutan.














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar