fredag 20. august 2021

TUNGESTØLEN

 Det er ikkje alltid eg rekk å redigere bilda etterkvart og for kvar tur eg har vore på.  Denne sommaren har vi og hatt eit slikt fantastisk vær at det har freista meir å være ute  enn å sitje inne med PC en. Sommar går etterkvart over til haust, og kveldane blir lenger og mørkare.  Då passar det litt betre å ta fram att lagra bilder og mimre litt om turar ein har vore på.  Liv og eg var ein tur til indre Sogn i sommar og den eine dagen gjekk ferda til Luster, Veitastrond og Tungestølen.  Vi har vore i Veitastrond før, men Tungestølen var heilt ukjent område for oss.  Dersom du har tenkt å fylgje i bilspora våre, vil eg absolutt anbefale å gløyme alt stress og tung fot på gasspedalen når du passerar Hafslo.  For all del, vegen er fin, men den er smal og krokut, og berre plass til ein bil i bredda.  Dessutan køyrer du i ein fantastisk og spektakulær natur som er vel verdt å få med seg. Etter at du har passert det smale og lange Veitastrondvatnet kjem du til sjølve Veitastronda.  Ei enorm stor flate i enden av Veitastrondvatnet med grøne bøar, flotte gardar og hus.  Eg berre lurer på korleis det var å bu her inne for nokre ti år sidan, for ikkje å snakke om hundre år utan vegsamband til bygdene ikring og utrygg is på vatnet.  Ein ting er sikkert, det har vore knalltøffe folk som har slite i motgang og medgang og som det står enorm respekt av.  Målet for turen var allikavel Tungestølen, og vi fortsatte vidare innover dalen.  Etterkvart vart dalen om mogeleg endå breiare, og framfor oss låg eit fantastisk grønt elvedelta med beitande kyr og sauer.  Dei nye og spektakulære bygningane til DNT hytta på Tungestølen kom etterkvart til syne på eit høgdedrag i enden av dei store flatene.  Det herska ein ro og idyll over området som forplanta seg i heile kroppen.  Vi måtte sjølvsagt  ta turen oppom DNT hytta, og studere den både innvendig og utvendig.  Arkitekturen likte vi betre til meir vi gjekk der, og interiøret var enkelt, stilreint og koseleg med alt laga i heiltre.  Maten var enkel og velsmakande.  Seilerpatent og sjokoladekake sette ganen og magen stor pris på.  Særdeles nøgde sette vi kursen mot Hafslo og sjølv om det var midt i sommarferien trur eg ikkje vi møtte meir enn ti bilar på heile turen.  Her kjem ein bildeserie frå Tungestølen og området rundt.  Er du i beit for turmål som ikkje ligg altfor langt unna, er Veitastronda og Tungestølen absolutt å anbefale.














Bjøllesauen og etterkomarane hadde parkert motorsykkelen og tok ein velfortent pause blant dei spektakulære husa og fjella ikring.










  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar