tirsdag 31. oktober 2017

I mor sine fotspor 2, Rutefloten

I dag skal eg ta dåkke med på ein tur som eg tvilar på om nokon av blogglesarane mine har gått nokon gong.  Det er mellom 40 og 50 år sidan eg høyrde om denne staden for fyrste gong.  Den ligg nesten så langt inne i Nordfjord som det er mogeleg å kome og blant dei villaste og farlegaste fjella vi har.  Rutefloten er ei sæter  som ligg omlag 6 km inne i dalen bak Nesdal ved Ramnefjellet i Lodalen.  Der var mor mi budeie i 1933 og eg har i alle år sidan eg høyrde om den plassen hatt lyst til å sjå kvar mor mi dagleg gjekk tur retur på sætra og var med i slåtten om dagen.
Barnebarnet til dei som mor mi tente med den gongen, Kari Nesdal, har eg mange gonger prata med om å bli med på den turen, og i sommar klaffa det.  Ho har slektningar som bur mykje på Nesdal om sommaren og som kunne skysse oss over vatnet.
Vi fekk og fylgje med Laila Nord og Anne Marie Skårbø og ein dag i midten av juli barst det avgarde.   Søskenbarnet til Kari, Tor Nesdal henta oss med båt ved Kjenndalsresturangen.  Tor vart igjen på Nesdal, men eit anna søskenbarn av Kari, Bjørg Else Nesdal Målsnes, vart med for å vise oss vegen fordi ho hadde gått der fleire gonger før.
Været var ikkje det aller beste, skodda hang langt ned i fjella og regnbygene kom og gjekk. Det vart likevel ein heilt spesiell dag for meg å gå i nær sagt fotspora  etter mor mi som var 19 år og budeie der for over 80  år sidan.  Det var og veldig kjekt å få sjå dei fine små og godt vedlikehaldne sela med nye tak, men ellers akkurat som dei var då mor mi var budeie der.
Det var og veldig kjekt å få helse på onkelen og tanta til Kari, Sverre og Berit Nesdal, då vi kom fram til Nesdalgardane igjen.  Det vart ein lang og god prat og Sverre kunne fortelje at han kjende mor mi som hadde vore på besøk på Nesdal på 70-80 talet.
Fotoværet og forholda var ikkje det beste på turen, men her kjem ei for meg nostalgisk fotoreise om ein tur eg har drøymt om veldig lenge.
Tusen hjarteleg takk til medvandrarane mine for ein kjempefin dag i indre Nordfjord og til  Tor og Einar for tur og retur båtskyss.




























søndag 29. oktober 2017

I mor sine fotspor 1, Sjøasætra

Mor mi var fødd og vaks opp på Hafsås på Stårheim og måtte tidleg være med å bidra i arbeidet på garden i lag med dei andre syskena.  Ein av jobbane var å være budeie på Sjøasætra i Remmedalen.  Dei måtte gå dei 5-6 kilometrane kvar dag kvar veg.  Det var slåttonn om dagen, gå på sætra om kvelden og sanke i hop kyrne, melke dei og ovenatte på sætra og deretter ordne med buskapen om morgonen og returnere til slåttonna.
I mange år har eg tenkt at eg skulle gå denne sætrevegen, men det har aldri blitt før i vår.  
Noko av det kjekkaste Liv og eg veit er å gå og køyre på oppdagingsferd i krikar og krokar både her i fylket og på Sunnmøre.   Då koblar vi ut omverda og inn alle sansane og prøvar å få med mest mogeleg av detaljar der vi fer fram.  Det blir mange stopp på ein slik tur for alt mogeleg må studerast og fotograferast.
Vegen til Sjøasætra var ikkje noko unnatak i så måte.  Gamle reidskapar, gardfjøs, bru over elva og matfatet til nøtteliten måtte sjølvsagt studerast.  Ein kjempefin tur vart det og det var veldig kjekt å ha gått i fotspora til mor mi som budeie på Sjøasætra.
På returen trefte vi på Håvard Orheim som var på tur rundt Remmedalen og slo fylgje i lag med han på den gamle Remmedalsvegen på nordvestsida av elva.  Med den lokalkunnskapen han har om folk og gardar var nærast dagen ei  fullkoma reise
i lokalhistorie.
Her kjem ein bildeserie av sætrevegen til mor mi som ho trakka for 80-90 år sidan.




















fredag 6. oktober 2017

Sildagapet

Musikalsk leiar:  Michael Pavelich
Regissør: Ronald Rørvik
Scenograf/Kostymedesigner: Åse Hegrenes og Sunniva Bodvin
Koreograf/regiassistent: Toni Herlofsson
Lysdesigner: Ovar Holmen
Tilskjerar/arbeidsleiar kostyme: Anne Gotaas
Maskør: Kati Sjøgren
Scenografikonsulent: Kristof Asbot
Inspisient: Sofia Berg
Lydteknikar: Eirik Andreassen
Lysteknikar:  Daniel Takle Piel
Rekvisitør: Anne Tykhelle/Anne Daleske Bergset
Scenemeister: Steinar Daviknes
Repetitør: Tone Støylen Holgersson  Andreas Løken Taklo
Biletkunstnar: Inger K. Giskeødegård
Lokalhistorisk konsulent: Terje Sølvberg

Måndag kveld var eg i operahuset for å få med meg generalprøva på årets operaoppssetting: Sildagapet.  Og eg vart storleg imponert.  Det er utruleg kva lokale krefter av dugnadsfolk i alle kategoriar kan få til når dei dreg i same enden av tauet.
Etter å ha studert og redigert bilder i nokre timar er eg ikkje mindre imponert. Eg opplever forestillinga igjen og igjen og legg merke til fleire og fleire detaljar som eg ikkje fekk med meg under forestillinga.  Ikkje minst synest eg at det er kjempebra med alle dei yngre som er med.  Dei får flott erfaring med alt som skjer både på og bak scena og sikrar rekrutteringa for framtida i operaen.  
Har du enno ikkje kjøpt billett  til nokon av forestillingane er det ikkje grunn til å nøle, berre synet av alle dei flotte strikkakledene i alle slags fargar er god nok grunn åleine.  Eg har i alle fall aldri sett maken.  Her kjem bildeserien min frå generalprøva.