søndag 26. august 2012

Øyenstikkar

Eg var ein tur på fjellet i dag. og vart plutseleg klar over at vi var to som hadde teke pause på same steinen.  Det var berre flaks at eg ikkje hadde sett meg på yndlingsinsektet mitt, øyenstikkaren.  Eg nytta sjølvsagt høvet til å fotografere den frå alle kantar for det er sjeldan dei er så rolige at dei let seg fotografere.  Det var vel den kjølige lufta som gjorde den så spak.



lørdag 25. august 2012

Fiskelukke 2

I sommar har Kristine fått skikkeleg drag på laksefisket.  For eit par veker sidan fekk ho med litt hjelp på land ein laks på 9,3 kg.  I dag vart den persen grundig slegen då ho landa ein rugg på  13,4 kg heilt åleine.  Her kjem eit par bilder av ein stolt laksefiskar.




onsdag 15. august 2012

Hjelle-Glomsdalen-Segestad

I fleire tiår har vi køyrt langs med Strynevatnet og sett bort på Segestad som ligg på ei fjellhylle 350 meter over havet og tenkt at opp dit må vi gå ein gong. Sist søndag køyrde Liv og eg til Hjelle for å gå den lenge planlagde turen i det mest fantastiske sommarværet ein kan tenkje seg.  Før vi starta var vi ein liten tur innom den koselege gamlebutikken på Hjelle der mange lokale handtverkarar og kunstnarar har mykje fint til salgs. Absolutt verdt eit besøk.  Deretter gjekk turen opp gjennom lia på den gamle stølsvegen til Glomnessætra, og det var ikkje fritt for at sveitten rann i solsteika.  Ferda gjekk så på vestsida av dalen og fram på det eigentlege målet, Segestad. Med ein eventyrleg utsikt over Strynevatnet har garden lege her i fleire hundre år, og ein kan berre tenkje seg kva strev det har vore og bu her.  Dersom du likar fotturar er dette absolutt ein tur å anbefale.  Her kjem ein liten bildeserie.












mandag 13. august 2012

Småkryp

Neste gong du tek deg ein tur i marka skal du stoppe opp litt og sjå deg rundt i busk og kratt, lyng og mose og du vil oppdage eit yrande liv det er verdt å ta nærare i augesyn.  Dersom du torer å legge deg ned og stire desse skapningane inn i augo har du god underhaldning.  Her kjem nokre bilder eg har knipsa både i hagen og på fjellet siste dagane.





lørdag 11. august 2012

Hornindal rundt

Det er gått fleire veker sidan Norges tøffaste fjelløp, Hornindal rundt, gjekk av stabelen.  I år som i fjor var eg på plass med kameraet for å forevige desse sprekingane som held det gåande opp til eit heilt døgn i eitt strekk.  På grunn av mykje anna fotografering har eg ikkje hatt høve til å legge ut bilder før no, men håpar at dei deltakarane som finn fram til bilda framleis tykkjer det er interessant med glimt frå løpet.

























mandag 6. august 2012

Gratulere Ezinne

Eg kunne godt tenkt meg å vore til stades på olympiastadion i London desse dagane når friidrettsøvingane pågår for fullt.  Sidan eg tidligare har vore sprinttrenar i friidrett må eg innrømme at eg jubla ekstra mykje over den nye norske rekorden til Ezinne Okparaebo på 100 m.  For å feire den bragda legg eg ut eit bilde frå Florø Friidrettsfestival i 2007 der Ezinne vinn framfor blant andre den tidligare sprintdronninga Marilyn Ottey.

onsdag 1. august 2012

Flofjellvegen

Vi har i mange år hatt planer om å gå vegen over Flofjellet, og sist søndag la Liv, Eldrid Skrede og eg avgarde på den lenge etterlengta turen.  Vi har høyrt mykje om kor fint det er å gå den gamle ferdavegen, og vi vart ikke skuffa.  Det er ein av dei finaste turane eg har gått nokongong.  Ein fin kjerreveg slyngar seg i terrenget og er som skapt for fotturar.  Fotomotiva sto i kø for ivrige fotografar. Insekt og ein nærmast botanisk hage av plantar, velstrigla og poserande kyr som ein skulle tru var fødde i eit fotostudio, blenkjande fjellvatn og brusande fossar og ikkje minst den fantastiske oppmura vegen i eit spektakulært terreng.  Dette er ein tur for glade vandrarar i alle aldrar, men vær litt obs fordi rekkverk manglar på mesteparten av vegen, der er høgt ned enkelte plassar.  Her kjem ein fotoserie som kanskje kan friste deg til å gå turen.