Eg kunne godt tenkt meg å vore til stades på olympiastadion i London desse dagane når friidrettsøvingane pågår for fullt. Sidan eg tidligare har vore sprinttrenar i friidrett må eg innrømme at eg jubla ekstra mykje over den nye norske rekorden til Ezinne Okparaebo på 100 m. For å feire den bragda legg eg ut eit bilde frå Florø Friidrettsfestival i 2007 der Ezinne vinn framfor blant andre den tidligare sprintdronninga Marilyn Ottey.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar