mandag 30. november 2020

Reisa til julestjerna

 I kveld går teppet opp for siste forestilling av reisa til julestjerna.  Nok eit eventyr av ei forestilling i regi av Opera Nordfjord kan skrivast inn i historiebøkene.  I ei tid då mesteparten av kulturarrangement er lagt på is klarar likevel Kari med den fantastiske gjengen ho har med seg å gjennomføre.    Eg vil berre gratulere alle som er innvolverte bak scena, på scena,  i orkestergrava og alle andre som har biderege med nok ein kjempesuksess.  Eg har no redigert ferdig bilda frå generalprøva, og dei kjem her.  Som vanleg klarer eg ikkje å begrense meg i antal bilder, men det er ingen tvang å sjå igjennom alt.  Dessverre så har dataprogrammet kosa seg med å spele kort med bilda, så dei er ikkje heilt i rekkefylgje.