onsdag 4. november 2020

Bergen - Kirkenes tur-retur med Hurtigruta

Etappe 9 Svolvær-Rørvik

Eg har hatt litt bloggpause ei stund, og det er ikkje fordi eg ikkje har fotografert, men har vore oppteken med  anna fotografering/redigering.  Det er no likevel på tide å bli ferdig med bilda frå turen med Hurtigruta  i sommar.  Etter ørnefotograferinga i Raftsundet/Trollfjorden la vi til kai i Svolvær.  Båten låg ved kai i to timar slik at det vart ein rusletur i byen i eit fantastisk sommarvær.  Vi gjekk deretter vidare til Stamsund før vi sette kursen over Vestfjorden mot Bodø.  På veg over Vestfjorden fekk vi oppleve midnattsola skikkeleg for fyrste gong på turen.  Det var mykje folk på dekk som kosa seg i det fantastiske fargespelet i skyene med lav sol i horisonten.

Då vi passerte Bodø låg vel dei fleste og sov søtt på puta sidan vi låg ved kai i tretida om natta. Vidare sørover passerte vi kjende landemerker som Polarsirkelen, dei 7 systre og Torghatten, og det måtte sjølvsagt forevigast. Her kjem bildeserien min frå niande etappe.






























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar