torsdag 19. november 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med Hurtigruta

 Etappe 11,  Ålesund - Bergen

Vi er no komne fram til siste etappe på turen, og er på veg mot Bergen.  Turen mellom Måløy og Bergen har vi reist så mange gonger med hurtigbåten både med og utan kamera, så det vart heller lite fotografering.  Vi var og opptekne med pakking og klargjering for å gå land.  
Sidan vi bestemte oss for å bestille denne turen for nesten eit år sidan har vi vore veldig spente på korleis reisa med Hurtigruta ville bli. Sjølv har eg ikkje reist med Hurtigruta sidan tidleg på 70 talet.  Eg må berre innrømme at det har vore ei fantastisk reise heile vegen.  Ifrå innbooking og informasjon til gjennomføring av turen.  
Eg kan berre  rose alle vi har vore i kontakt med på båten frå fyrst til sist.  Ifrå smilande reinhaldarar og servitørar til kokkar og butikkpersonale.  Vi vart temperaturscanna framfor kvart måltid før vi gjekk i matsalen og åt ved same bord og med same reisefylgje til kvart måltid til faste tider.  Vi kryssa ut kva mat vi ville ha til alle måltid og fekk servert ved borda. Ikkje eingong vatn fekk vi servere oss sjølve, men fekk påfyll etterkvart. Maten var kjempegod, og sjølv om vi  ikkje fekk livretten vår til alle måltid,  er det på ingen måte nødvendig.  Det får vi  korkje heime eller andre stader.  Servitørane var eit kapittel for seg, det var reine stand up komedie kvar dag.  
Vi var og så heldige å bli kjende med reisande ved naboborda, og vi vart til slutt ein fin samansveisa gjeng som stort sett heldt lag  i salongane mellom måltida.  Strikkepinnane og drøsen gjekk i ein dur i time etter time langs kysten.
Eg vil runde av reisa med bilder av Alden, eit kjent landemerke vest for Askvoll.  For ganske nøyaktig 30 år sidan var eit helikopter på redningsoppdrag for å berge mannskapet på ein taretrålar som hadde gått på grunn.  Helikopteret gjekk i fjellveggen på toppen av Alden og alle 5 omkom. Ein av dei var her frå bygda og i slekt med Liv.  Mannskapet på 2 på taretrålaren miste og livet den gongen.
Det viser kor tøft livet kan være for dei som har arbeidet sitt på sjøen i all slags vær.  I 11 døgn har vi reist langs det meste av norskekysten i eit strålande vær blant øyar, holmar og skjær trygt ombord på "Midnatsol", ei fantastisk skute.  Eg torer ikkje tenkje på korleis det var i tidligare tider då fiskarane rodde og segla same strekninga i kulde og snø for å tene til livets opphold.
Eg lar bilde av den einslege fiskesnekka være sist bildet mitt frå turen.
Tusen takk for fylgjet til deg som har vore innom bloggen min og følgt med. Tusen takk til alle som jobbar på/med Hurtigruta, de gjer ein kjempejobb.  Eg håpar at alt normaliserar seg og kjem i gjenge igjen.
Til slutt vil eg takke vår nye vener som vi trefte undervegs,  det var ei oppleving i seg sjølv og vi har blitt vener for livet.  






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar