søndag 2. august 2020

Bergen-Kirkenes tur retur med hurtigruta

Etappe 5, Havøysund-Båtsfjord

Vi er no komne til Finnmark, og nærmar oss vendereis for turen vår.  På dei fleste stoppestadane ligg vi så kort tid ved kai at det ikkje er anledning å gå i land.  Difor blir bilda av dei mindre stadane noko einsarta der det blir oversiktsbilder av sentrum teke frå øvre dekk på Hurtigruta.  Noko av det eg likar aller best er å vandre rundt i sentrum på framande plassar for å la alle slags motiv finne vegen til minnebrikka.  Ikkje noko motiv er for stort eller for lite for å vekke interesse hos meg.  Størstedelen av bilder frå slike turar er av lettskya, knallblå himmel og kvite badestrender og vakre solnedgongar.  For all del, eg sit i timevis og og studerar slike bilder med glupande apetitt. Eg prøvar likevel å variere motivvalget mitt med å ta med bilder av grå skodde ned i fjella som det og heldigvis vart ein del av undervegs.
Den einaste stoppestaden vi fekk gå i land denne dagen var Honningsvåg der Hurtigruta låg i tre og ein halv time.  Der rusla vi gatelangs og tok oss tid til kafebesøk.  Eg kan forøvrig ikkje hugse at eg har sett så mange fiskebåtar på ein gong som det var i havna her.
Ved innseglinga til Kjøllefjord dukka det opp ei fjellklippe som er ei av dei mest spektakulære langs heile Norskekysten.  Finnkirka ser ut som ein katedral der den står heilt i sjøkanten. Lys og værforhold var ikkje det beste då vi for forbi, men eg prøvde etter beste evne å forevige den.
Eg må og nemne dei fantastisk fargerike fjellformasjonane mellom Kjøllefjord og Mehamn.  Eg trur aldri eg har sett eit slikt fargespekter i ei fjellside nokon gong.  Det hadde vore moro og vore geolog og gått i land her.
Her kjem bildeserien frå femte etappe.








































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar