mandag 3. august 2020

Selje kloster

I lenger tid har Liv og eg snakka om å ta ein tur til Selja kloster.  Vi har vore der før for mange år sidan og sidan klosterbåten no går fleire turar om dagen fann vi ut at no var tida inne. Fredag sette vi kursen mot vest i eit fantastisk vær, og det var ein draum å ta turen om pollane på veg utover.  Vi hadde god tid i Selje før båten gjekk,  og den brukte vi til å spasere rundt i sentrum med kamera på jakt etter fotomotiv.  Der er stor trafikk av passasjerar på båten på alle turane, så det er tydeleg at klosteret er eit populert reisemål.
Klosteret låg bada i solskin, så det vart eit par fine timar i ruinane på det velstelte området.  Det manglar ikkje fotomotiv ein slik dag, og her kjem resultatet.



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar