torsdag 18. september 2025

JORDBÆR OG GRASBRANN

Sist laurdag feira Odd-Erik Lothe 30 årsjubileum som musikkartist i Operahuset.  Det var feira med brask og bram og utseld hus lenge på førehand.  Der var mange inviterte gjester som deltok på scena, og stemninga stod i taket frå fyrste akkord.  Den eine musikalske perla etter den andre strøymde ut i salen under den tre timar lange konserten som ikkje hadde eit einaste dødpunkt.  Det har vore dårleg med innlegg på bloggen min i langt over eit år, så no tenkte eg det var på tide med eit innlegg og nokre bilder igjen.  Det blir for det meste innlegg på Facebook, men eg skal prøve å fordele bilda litt på bloggen og.  Her kjem ein bildeserie frå Odd-Erik sin fantastiske konsert i Operahuset sist laurdag.  Eg vil og legge ut bilder frå same konserten på Facebook.








 


 


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar