Det er allereide gått tre veker sidan Kjølsdalen sanitetsforening arrangerte busstur til Stavanger og båttur til Flor & Fjære. Denne vesle øya har etterkvart blitt berømt over heile landet og vel så det for sine fantastiske hageanlegg. Det var difor ein spent og reiseklar flokk på nesten 50 personar frå Ytre Nordfjord og Søre Sunnmøre som gjekk ombord i bussen etterkvart som han køyrde innover fjorden. Ein del av fylgjet hadde kanskje vore på Flor & Fjære før, men for dei aller fleste var det fyrste gongen vi var på dei kantar. Den stødige sjåføren frakta oss sikkert nedigjennom fylket på plassar ein del av oss ikkje hadde vore før så det var god underhaldning å fylgje med på reiseruta. Vi fekk og sjå mykje av Vestlandet frå innsida, for eg kan ikkje hugse at eg har køyrt i så mange tunnellar i løpet av ein tur før. Overnattinga var på Quality Hotel Haugesund som diska opp med den flottaste frokosten vi hadde sett. Turen ut til Flor og Fjære gjekk med båt frå Stavanger sentrum og den tok ca. 15-20 minutt. Det var eit overveldande syn som møtte oss med same vi sette foten på kaia. Maken til blomster og plantehav er det vel ingen av oss som har sett før utan å ha vore på Flor og Fjære før. Eg vil ikkje eingong prøve å beskrive det vi fekk sjå på guidinga på øya. Eg er rett og slett mållaus. For ein hageinteressert hobbyfotograf kunne det bli i meste laget av inntrykk på så kort tid. Eg vil ikkje gå i detaljar, berre vise til bilda og la dei tale sitt eige språk. Vi fekk og servert nydelig middag i "drivhuset" og det var tydeleg at det var ikkje berre blomster og plantar som var på stell. Serveringa gjekk føre seg med militær presisjon. Tilbaketuren gjekk veldig greit og alle var mette av inntrykk etter lang og innhaldsrik dag. Eg vil dele opp turen i fleire innlegg med bilder, så dette innlegget dreiar seg mest om det vi fekk sjå utandørs på Flor&Fjære.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar