Sist Fredag var det duka for Countryshow i Operahuset. Det var musikken til Johnny Cash og June Carter som var framført denne kvelden. Ein fullsatt operasal med publikum frå fjern og nær tok imot musikarane då dei entra scena. Det vart ein strålande konsert der kjende og kjære melodiar kom som perler på ei snor. Publikum var tydelegvis godt nøgde med det som vart servert for musikarane fekk ståande trampeklapp etter siste nummer. Nok ein vellukka konsert i Operahuset. Eg hadde sjølvsagt med kamera, og her kjem eit utval av bilda eg tok under konserten. Eg har og lagt ut ein del bilder på Facebooksida mi.
søndag 26. oktober 2025
søndag 19. oktober 2025
THOMAS DYBDAHL I OPERAHUSET
Fredag kveld var Thomas Dybdahl med band og heldt konsert i Operahuset. For meg er dei relativt ukjende musikarar, men det var absolutt ikkje bortkasta å ta turen. Fantastiske musikarar alle i hop med fengande og litt uvande og ukjende rytmer tok salen med storm. Publikum gav tydeleg respons på det dei høyrde med stor applaus og heiarop etterkvart som konserten skreid fram. Det var sjølvsagt ein god del bilder på konserten, og eg har valgt ut og redigert ein del og lagt ut på Facebook, og her kjem resten av det eg tykte var brukande.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)



























