Det var fullt hus og stormande jubel under konserten med Espen Lind i Operahuset sist fredag. Både Espen Lind og musikarane er tydelegvis superprofesjonelle og leverte "varene" så det heldt heile vegen. På slutten av konserten reiste alle tilhøyrarane seg og trampeklappa musikarane gjennom fleire ekstranumer. Fantastisk stemning og strålande konsert til terningkast 6 er vel konklusjonen eg kan drage etter nok ein suksessfull kveld i Operahuset. Det vart også denne gongen altfor mykje bilder, men det er vanskeleg å styre seg med så mange fantastiske motiv på scena. Du finn og ein bunke på Facebook dersom du orkar.
































