tirsdag 3. april 2012

Kunstutstilling

Palmesøndag var det opning av Øyvind Botn si kunstutstilling i gamlebanken.  Det var svært mykje folk som hadde møtt fram der ordførar Alfred Bjørlo opna utstillinga, og Stårheim songlag underheldt med fire songar. Som vanleg hadde Olga Pavlova ei stødig hand om dirigeringa.  Her kjem nokre glimt frå søndag.








Åsebønakkjen

Dersom du vil ha deg ein liten trimtur ein kveld og er i beit for turmål, kan Åsebønakkjen være eit godt alternativ. Passeleg langt, fin utsikt og så får du med deg litt historie på kjøpet.  Her kjem nokre glimt frå ein tur eg var på sundag for ei veke sidan.


På toppen finn du denne flotte bautaen som var reist her for 108 år sida.  Der er og ei postkasse med bok du kan skrive namnet ditt i.


Utsikta frå skogsvegen rett under toppen er upåklageleg.


Og orkar du ikkje å gå, er utsynet i solnedgongen nede ved Hornindalvatnet heller ikkje så verst.

mandag 2. april 2012

Skogsveg

Det er bygt mange kilometer med skogsveg i distriktet sidan skogsvegen frå Skaugset til Gamlesetrehogen vart bygd tidleg på 60 talet.  Det var vel ein av dei fyrste skogsvegane som vart bygd her i kommuna, og no pågår det storarbeid med opprusting i samband med bygginga av den nye storlinja frå Fardal til Ørskog.  Her kjem nokre glimt frå anleggsarbeidet.

Det er store maskiner som skal til for å laste opp og køyre bort all steinmassa som er sprengt ut .

Nyevegen følgjer den gamle traseen, men er blitt oppjustert med eit skikkeleg bærelag for å tole tungtrafikken som kjem.


Her ser vi vestover Nesbygda litt nedanfor Gamlesetrehogen.

Dei gamle flotte gråsteinsmurane på gardfjøsen har ikkje teke skade av anleggsarbeidet.


Her er utsikta mot Lindvika sett gjennom den gamle fjøsgluggen.

 


søndag 1. april 2012

Vårteikn

Forrige helg hadde vi sol og finevær og ein kjende liksom at våren var i anmarsj.  Det trudde bjørkelauvet og der det farga knoppane grøne og gjorde seg klar for å springe ut. Siste dagane har snøen og vinteren igjen fått overtaket og gjer siste krampetrekningane før våren overtek.  Her kjem eit lite glimt av ein våryr bjørkenupp forrige helg.

søndag 18. mars 2012

Meir Les Miserables

Eg kunne ikkje dy meg, men måtte ta med kamera og knipse litt bilder på kveldens forestilling, som om mogeleg var endå betre enn generalprøva på torsdag.  Med salen full av folk var det ei eventyrleg og elektrisk stemning under heile forestillinga som enda i ein fortent ståande trampeklapp.  Har du ikkje sett Les Miserables har du berre ein sjanse til,  bruk den før det er for seint.   Her kjem nok eit bittelite utval av bilda mine i ukronologisk rekkefylgje:




































fredag 16. mars 2012

Les Miserables

I kveld var eg så heldig å være til stades under generalprøva til Les Miserables i operahuset.  Eg har sett samtlige musikalar Eid vidaregåande skule har framført og trudde at grensa for kva som kunne presterast var nådd for lenge sidan.  I kveld vart den grensa sprengd med god margin.  Dei song og skodespelarprestasjonane elevane gjer i helga er det berre å ta av seg hatten og bøye seg i støvet for.  Eg har berre ei oppmoding:  Nøl ikkje,  skaff deg billett med ein gong,  elevane fortener tre stappfulle hus.  Her kjem nokre små glimt frå forestillinga:



















tirsdag 13. mars 2012

Korkafe på Stårheim

Sist søndag arrangerte Stårheim songlag korkafe i ungdomshuset Fram på Stårheim der dei framførte både gamalt og nytt repertoar.  Det vart ei triveleg stund for dei vel 50 frammøtte som fekk underhalding både av Tastamentet og koret som  hadde med både kaffi og rikeleg med kaker i tillegg til ei mengde lotterigevinstar.  Her kjem nokre glimt frå korkafeen.


Olga har som vanleg full kontroll over koret........



som alltid syng av hjartans lyst,



og Torild hadde ein glimrande debut som solist på Tricle tricle.



Det var ikkje manko på kaker og kaffi.....


til alle dei frammøtte....



...som hadde underhaldning av Stein og Anders som song Evert Taube...



i lag med Tastamentet.



Og så var det loddtrekning ved Gerd og Eva.