lørdag 14. april 2012
Strauss og Wagneraften
For dei som hadde funne vegen til operahuset i kveld vart det ei stund med storslått musikk, fantastiske musikarar og to solistar som bergtok publikum frå fyrste strofe. Opera Nordfjord har nok ein gong vist at dei er profesjonelle til fingerspissane og hadde fortent meir enn halvfullt hus. Her kjem nokre glimt frå kvelden:
mandag 9. april 2012
Iskunst
Vinteren med is og snø er snart på retur, og sjansane for vintermotiv minkar for kvar dag som går. Dagen i dag vart brukt til ein tur på Panoramavegen, og ved inngongen til tunellen på Nos kom eg over desse "isfigurane".
Naturens eige isorgel.
Takskjegg
søndag 8. april 2012
Fuglejakt
Det går mot slutten av foringsesongen for småfuglane i hagen, og eg nytta nokre av påskedagane til litt "fuglejakt" med kameraet. Eg har hatt mange artige stunder ved kjøkkenbordet med å studere småfuglane sin kamp om matfatet. Og desse bilda er knipsa gjennom kjøkenglaset frå plassen min ved kjøkenbordet. Kvaliteten er ikkje all verda, men det er alltid ein kamp om valg av iso, blendar og lukkartid for desse motiva er ikkje akkurat i ro. Her kjem i alle høve eit utval av "påskefuglane" mine:
onsdag 4. april 2012
Påsketreff
I kveld var det påsketreff i operahuset, og kveldens arrangement kan føye seg inn i rekka over svært vellukka tilstelningar med toppkarakter. Omlag 400 personar hadde møtt fram i foajeen der det var mingling og underhaldning av kulturskulen og nydeleg servering av fingermat frå Nordfjord hotell. I kinosalen var det presentasjon av enkelte av aktørane med stand og den var full opptil fleire gonger. Etter tre timar som gjekk unna som røyk, var det tid for presentasjon av årets Malakoffband i Gymmen og også her var det fullt av folk og stor stemning. Her kjem nokre smakebitar av kveldens program.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


















































