søndag 17. juni 2012

Svalbard

Vi har allereide vore i Longyearbyen i over to dagar, og vi har hatt det kjempeflott her oppe.  Det opna med strålande sol og skyfri himmel fredags kvelden, vindstille og nærare 10 grader.  Fotomotiva står i kø for ivrige fotografar, og det er litt uvant at "ville" dyr og fuglar som vanligvis stikk av berre dei ser deg omtrent ikkje bryr seg om at du er i nærleiken.  Vi har vore på ei rekkje utflukter i nærområdet, her er ikkje så mange kilometer med vegar og vi har allereiede køyrt dei fleste.  Det spesielle her oppe er at det er kun på bebygt område ein kan bevege seg fritt utan våpen.  Vi er så heldige at vi har lokal kjentmann, guide og våpenkyndig jeger i familien, så det er ikkje problem å reise rundt utan å være redd for isbjørn.  Eg har hatt litt dataproblem, men håpar at nokre av bilda viser litt inntrykk av korleis vi har det.   I morgon går turen i open båt til Isfjord radio, som ligg helt ute i opninga av Isfjorden ca.  ein time herifrå.  der skal vi være i to dagar medan Stig Ove jobbar, og vi håpar å få nye motiv inn i linsa der.
















tirsdag 12. juni 2012

Songarstemne Skodje

I helga var Stårheim Songlag på songarstemne i Skodje på Sunnmøre, og her kjem ei helsing til mine songarvener i koret med nokre små glimt frå helga.  Ha ein riktig flott sommar heile gjengen, vi får ta igjen fleire bilder ved eit seinare høve.















fredag 8. juni 2012

Kulturskuleavslutning

I kveld  var det duka for avslutning i kulturskulen i Operahuset med 23 innslag frå scena, og ei mengde flotte utstillingar i foajeen og dei tilstøytande klasseromma.  Dei to timane programmet varde gjekk unna utan dødpunkt og publikum i salen kosa seg storleg over dei ymse innslaga.  Her kjem nokre bittesmå glimt frå kvelden.







onsdag 6. juni 2012

Turtagrø

På veg heim frå Årdal forrige helg gjekk turen over Sognefjellet, og då vi passerte Turtagrø var der nokre tøffingar med hangglidar som leika seg.  Tykte det var spesiellt morsomt med den som nesten tredde skjermen ned over Store Skagastølstind.



tirsdag 5. juni 2012

Døgnfluge

Eg vil ikkje skryte på meg å ha så mykje greie på insekt og andre småkryp, men eg tykkjer det er veldig morsomt å studere dei ymse skapningane gjennom macrolinsa.  Slik som den eine på bildet som nettopp er utklekka  og ikkje har fått vengjer enno, såg temmeleg pjusken ut.  Dagen etter var den like fin som den andre på bilda.  Utfordringa er heile tida å halde kameraet i ro.  Når ein skal fokusere på eit auge som er omlag ein kvart millimeter i diameter bør ein være stø på handa.  Prøv sjølv, kjempemorsomt, hagen og skogen er full av alle slags raringar berre du har augo med deg.




Fossefall

Eg har lenge synest at det er morsomt og fotografere elvar og fossestryk med lang lukkartid.  I pinsa var eg ein tur til Årdal, nærare bestemt til Utladalen der det er eit par digre fossar som gjekk skikkeleg flaumstore.  Desse måtte eg sjølvsagt prøve meg på, problemet no om sommaren at det er å lenge lyst at det er vanskeleg å få "slørebilder" før det lid langt på kveld.  Her kjem bilda av Avdalsfossen og Hjellefossen "by midnight".





mandag 4. juni 2012

Blåtur

Det er blitt så som så med blogginga dei siste par vekene, og det er ikkje på grunn av manglande fotointeresse, men godt arbeidsveir ute, og eit anna fotoprosjekt som eg måtte ha ferdig.  Så no er det påan igjen.  Fotoklubben var på blåtur for knapt to veker sidan med nostalgi som motiv, og turkommiteen hadde lagt opp ei svært variert og utfordrande løype.  Den vart avslutta seint på kvelden med grilling i fineværet og den utrulege usikta frå Furufjering.  Her kjem litt av min fangst i løpet av kvelden.