fredag 13. desember 2013

Audition

I ca. eit år har eg vore klar over denne forestillinga,  og like lenge har eg gleda meg til denne dagen.  Ja, siste veka har eg vore som ein femåring som ventar på julafta.  Og eg vart ikkje skuffa.  Under juletreet i operahuset var det fullt av store musikalske pakkar som vart opna etter tur, og dei mest strålande prestasjonane kom til syne.  Eg kjem til å ha glede av innhaldet i lang tid framover.  Vi som bur i Eid og omegn anar ikkje kor heldige vi er som kan nyte topp underhaldning av profesjonelle artistar den eine veka, og den neste underhaldning av ungdomar som så vidt er begynt på tenåra og presterar på eit nivå som eigentleg er umogeleg å forstå.  tusen takk heile gjengen for eit eventyr av ei forestilling.  Folkens, fredag kveld går de mann av huse og fyller operahuset til trengsel, det har Ungdomskuleelvane og teamet rundt ærleg fortent!
Her kjem eit bittelite utval av bilder eg tok under forestillinga.





















 





































































































søndag 8. desember 2013

Julekonsert på Stårheim

Det er høgsesong for julekonsertar, og i ettermiddag var eg i lag med Stårheim Songlag på konsert i Stårheim kyrkje.  Det var ein flott konsert med kor, korps, song og musikksolistar, passeleg lang, heimekoseleg og akkurat slik ein førejulskonsert skal være.  Som vanleg ved slike høve har eg kamera med for å forevige det som skjer, og for å dele mine opplevingar med dei som har interesse av å kike innom bloggen min.  Her kjem nokre glimt frå konserten. 

 












mandag 2. desember 2013

Julegrantenning

Sist torsdag var det tenning av julegrana i Maurstadparken, og det er noko eg aldri har fotografert før og tok difor ein tur i vintermørket for å eksperimentere litt.  På tross av at det var regn og ganske surt vær var det likevel møtt fram ein heil del folk, og skulemusikken sytte for levande juletonar til gongen rundt juletreet.  Her kjem nokre få glimt frå kvelden.






søndag 24. november 2013

Ved elva

I dag har snøen lava ned, og eg har alltid tykt at det er interessant og ta ein tur i marka for å sjå etter dyrespor som kan være vanskeleg å sjå når det er bar mark.  Eg gjekk for det meste med snø til knes utan å oppdage noko spanande, så eg gjekk som vanleg langs elva på vegen heim for å sjå på fuglelivet der.  Nokre ender og ein fossekall var det fyrste eg møtte der fotoresultatet vart heller labert.   Deretter oppdaga eg at årets fyrste svaner var tilbake på plass, og medan dei vart foreviga kom der glidande ei stor havørn over hovudet på meg og eg måtte sjølvsagt "skyte" den og.  Bilda er ikkje noko å hoppe i taket av, men sidan det er fyrste bildet eg har av havørn her i området tek eg det likevel med.  Det skal ikkje meir til enn slike små opplevingar før eg er meir enn fornøgd med turen, og eg angrar ikkje på at cupfinalen gekk sin gong utan meg som publikum.




Ny gjest i matfatet

Det er sikkert mange som har besøk av denne gjesten på foringsbrettet, nemleg gulsporven.  Den er verken sjelden eller spesiell, men sidan det er fyrste gongen vi har besøk av den tykkjer eg den fortenar ein plass på bloggen min, og her er den.