mandag 27. januar 2014
UKM 2014
Ei helg som har vore sprengt til bristepunktet av lokale aktørar på scena i Operahuset er over. To forestillingar med russerevy, og i kveld UKM med utruleg dyktige ungdomar. Og publikum har møtt fram i hopetal til forestillingane, det viser at lokale aktørar dreg like mykje publikum som dei profesjonelle. Kjempeflott levert. Her kjem nokre glimt frå kvelden.
lørdag 25. januar 2014
Russerevy 2014
I Kveld gjekk årets russerevy av stabelen i Operahuset og eit nesten fulltallig publikum fekk verkeleg valuta for pengane. Vi Eidarane er etterkvart blitt bortskjemde av eit fantastisk nivå på all underhaldning i Operahuset og russerevyen var slett ikkje noko unnatak. Hylande morosamt og kjempestemning blant publikum er fasiten. Du har berre ein sjanse til for å få med deg denne forestillinga, nemleg laurdag kveld, og har du ikkje bestemt deg: kom deg avgarde og fyll Operahuset til siste plass. Det har verkeleg årets russ fortent. Her kjem nokre få bildeglimt frå kveldens forestilling.
onsdag 1. januar 2014
Godt Nytt År 2014!
Det har blitt ein tradisjon for meg og stå ute på moloen ved hamna for å fotografere nyttårsrakettane i sentrum av Eid. Som vanleg var det kollossalt med fyrverkeri som gjekk i lufta langs heile Strandpromenaden og i byggjefelta rundt. Her kjem nokre av bilda eg tok i løpet av den timen eg stod der, og med desse vil eg ynskje alle kjende eit riktig GODT NYTT ÅR 2014!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
