tirsdag 20. mai 2014

17 Mai 2014

Vi har lagt bak oss ein fantastisk 17 mai med strålande bunadsvær, og regnet fekk berre erte oss litegrann etter barnetoget.  Det var møtt fram  kollosalt med folk til alle toga, og festkledde og fornøgde små og store kosa seg heile dagen.  Som vanleg fekk eg med meg barnetoget på føremiddagen, men etter å ha vore på Hjelle i mange år og gått toget der, vart det folketoget  i sentrum og arrangementet på Plassen.  Turen gjekk deretter direkte til kyrkja og ein strålande jubileumskonsert der.  Eg hadde eigentleg tenkt å få med meg Tappenstreken, men etter ein lang dag med hornmusikk, russefløyter og konsert gjorde eg noko av det eg likar aller best, eg gjekk eit bittelite tog heilt for meg sjølv.  Turen enda på Åsebønakken og der hadde eg berre lyden av fuglesong, susinga av vinden i trea og vårkåte elvar som dansa nedetter fjellsidene.  Her kjem ein bildeserie frå noko av det eg fekk med meg på nasjonaldagen.

















 




























søndag 18. mai 2014

Dagens fangst

Noko av det Liv og eg likar best er å dra på småturar rundt om i distriktet og gjerne ut til kysten for å vandre i fjæra med kamera på jakt etter gode motiv.  I dag gjekk ferda til Bremangerlandet til ukjent terreng og vi opplevde å få sjå både oter, rev, sel og havørn.  Etter å ha sett fleire oterar i sjøen på altfor lang fotoavstand, hadde eg ei av mine største naturopplevingar med kamera til no.  Ein oter dreiv og dykka nokre meter  frå land og eg sette meg ned på svaberget og venta, og plutseleg kom han opp på land ca 10 meter få meg med ein fisk i kjeften.  Eg fekk dagens fangst med kamera og oteren fekk dagens fangst til middag. Garva naturfotografar vil nok flire rått dersom dei ser bilda mine,  men sjølv er eg rimeleg nøgd med resultatet av oterdebuten min.  Her kjem ein bildeserie frå fangsten.
    







fredag 18. april 2014

Påsketreff 2014

Årets påsketreff er over for denne gongen og føyer seg inn i rekka av flotte arrangement i Operahuset.  Rekorddeltaking av både utstillarar  og publikum vitnar om aukande interesse for kva som rører seg i næringslivet i distriktet.  At det er rundt 60 ledige jobbar i dei nærliggande kommunane burde være eit godt påskot for ungdom som etter endt utdanning å flytte tilbake til heimlege trakter.  I Gymmen var det som vanleg og slepp av resten av dei som skal spele på årets Malakoff Rockfestival.   Det ser ut til at vi går mot den beste festivalen nokon sinne her på Eid, og det vil ikkj seie så lite.  Her kjem nokre glimt frå Påsketreff 2014.



















søndag 6. april 2014

X2 2014



Laurdag ettermiddag gjekk X2 Longboard av stabelen i Volda sentrum.  For tredje året på rad tok eg turen over Sunnmørsgrensa for å få med meg dette arrangementet.  Løypa startar høgt oppe i byggefeltet ovanfor sentrum med målgang ikkje langt frå kyrkja.  Det er imponerande å sjå kva kontroll deltakarane har på bretta sine i den svingete løypa med fart oppunder 70 km/t.  Av og til blir det no litt hei og hi og rumpa ned i og det ber enkelte køyredressar tydeleg preg av. Gaffatape er flittig brukt som botemiddel mot hol og flenger.  Ikkje desto mindre er det utfordrande og morosamt å være fotograf, og her kjem ein liten bildserie frå konkurransen.