For knappe tre veker sidan var Liv og eg ein tur til Sogn i eit familieselskap. Vi heldt til i ein fjøs som som var ombygd til selskapslokale, og rundt tunet var der mange gamle hus som bar preg av vind og veir. Det skal sjølvsagt ikkje meir til før eg måtte ha ein rekognoseringsrunde med kamera. Når ein ser på kva komfort vi omgir oss med i dag i våre bustader, er det både interessant og nesten uverkeleg og vandre blant desse husa og tenkje på korleis folk budde for berre nokre tiår tilbake.
Her kjem nokre glimt frå mitt historiske tilbakeblikk.
onsdag 15. april 2015
mandag 13. april 2015
Hornindal sentrum rundt
Hornindal rundt er eit løp eg alltid har hatt stor sans for og har difor dei siste åra kosa meg med å ta bilder av distriktets og Norges sprekaste ektremsportutøvarar. Kroppen min er ikkje lenger konstruert for slike store fysiske utskeiingar, så difor inviterte eg likegodt Liv med på kortversjonen, Hornindal sentrum rundt, på andre påskedag. Som vanleg søkklasta med fotoutstyr parkerte vi i sentrum og rusla i bedageleg tempo forbi kyrkja, opp til skulen og over den nye elegante gangbrua. Vidare nedover mot sentrum og ned til vatnet, forbi smia og tilbake til bilen. Det går fort eit par tre timar på ein slik tur når ein skal få med seg alle motiva, prate med kjende og bli kjende med andre. Men av og til er det berre herleg å berre gløyme klokka og ta dagen som den kjem. Avslutninga på turen var og godt planlagt, god middag på Raftevolds hotell, og med utsikta nedover vatnet var det berre Spjøteneset som sperra for utsikta til stoveglaset heime. Vi hadde og særdeles triveleg selskap under middagen der drøset gjekk både vel og lenge. Prikken over i en kom etter desserten då vi reiste opp til Tomasgard og eg fekk forevige den flotte steinkvelvingsbrua og elva der. Det motivet har eg sikla etter i fleire tiår. Og då vi snudde nasa heim att hadde vi brukt mykje lenger tid på vår tur enn dei sprekaste brukar på halve Hornindal rundt. Her kjem nokre små glimt frå vandringa.
søndag 12. april 2015
Basar i Nesjarhall
Det er 12 år sidan sist det var basar i Nesjarhall på Nes, og i ettermiddag braka det laust med fullt hus og sydande basarstemning i det gamle ungdomshuset. Det var samla inn ei mengde med flotte gevinstar både til lotteri på bok og til årar og salget gjekk strålande unna. Mykje god og variert mat og kaffi vart servert og praten gjekk livleg rundt borda i den fullstappa salen. Dei yngste heldt seg i aktivitet med rebusløp og stablekonkurranse der det var kø heile ettermiddagen. Alt i alt ein kjempevellukka ettermiddag og mange for heim med fanget fullt av gevinstar. Vi vil takke alle som bidrog med lotterigevinstar, og ikkje minst alle forretningane på Eid som er utruleg flinke til å støtte opp om lokale arrangement. Her kjem nokre små glimt frå basarlivet på Nes.
torsdag 1. januar 2015
Nyttårsrakettar 2014
Eg har forlengst slutta med å skyte opp nyttårsrakettar, og tykkjer det er meir morosamt å forevige dei rakettane andre sender opp. Dei siste åra har eg reist ned til sentrum rundt midnatt nyttårsafta for å få med meg oppskytinga, og utstyrt med kamera og stativ freistar eg å fange rakettane med linsa. Her kjem ein bildeserie over forsøket mitt frå i går kveld.
fredag 26. desember 2014
Frost
Etter nokre veker med surt vær med sludd og slaps, snudde det i går på julafta og slo til med det mest fantastiske vintervær ein kan tenkje seg. Og akkurat no går naturens eigne smykkedesignarar nermast av skaftet med kreativitet. Små bekkar og elvar vert omdanna til dei mest utrulege kunstverk av isformasjonar og figurar. Eg reiknar med at du som eg har litt ekstra tid no i romjula og ikkje minst godt av å forlate snopskåla og godstolen og gå ut ein tur. Ta på godt med klede og gode sko (helst broddar) og gjev deg i veg, stopp opp litt og studer naturen i kring deg. Du treng ikkje gå langt, bratt eller fort, men ha augene opne og studer iskrystallane på nært hald. Til nærare du går, til vakrare blir dei. Er du så heldig at du har eit kamera av eit eller anna slag bør du prøve å forevige noko av det du ser, og tipset er: du bør sjå motivet inn i augo, anten det er is, ungar eller dyr du fotograferar. Det ser kanskje litt rart ut om nokon kjem over deg der du ligg og rullar i veggrøfta på motivjakt, men det er ikkje noko å bry seg om.
I dag var eg på ein liten fotosafari i eit område eg ikkje har vore før, og det resulterte i fylgjande serie:
I dag var eg på ein liten fotosafari i eit område eg ikkje har vore før, og det resulterte i fylgjande serie:
Abonner på:
Innlegg (Atom)





