torsdag 22. august 2013

Kroatia



Det har vore bloggtørke siste vekene fordi vi har vore på ferie i Kroatia og kom heim for nokre dagar sidan.  Fyrste innlegget no handlar om ferieturen med bilder frå området i nærleiken av Trogir, ikkje langt frå Split.  La det være sagt med ein gong, kroppen og hovudet mitt er ikkje konstruert for å ligge på stranda i sola, ei heller plaske i byljan blå.  Fotografering passar meg derimot veldig bra, og i nye omgjevnader hadde eg rikeleg med motiv å velge imellom.  Med 7 kg fotoutstyr på ryggen traska eg rundt mange timar kvar dag og tykte synd på dei som låg på stranda og grilla seg i solsteiken.  Det er berre å innrømme det fyrst som sist, Kroatia er eit fantastisk ferieland.  Sol, sjø, varme, nydeleg mat, trivelege folk, flotte opplagde turar både med bil og båt og Trogir der vi var er berre heilt fantastisk.  Eldgamle steinbygningar, smale gater, spanande butikkar, flotte resturantar, ja vi var tilogmed på operaforestilling i ei gamal borg med fantastiske russiske solistar. Eg kunne skrive mykje meir, men let bileta tale for seg sjølv, og her kjem eit lite utval av det eg fekk med i løpet av to veker. Ps: eg har igjen hatt store problem med å legge ut bilder på bloggen, men etter to veker i stor frustrasjon har eg endeleg klart å legge ut feriebilda.



































mandag 22. juli 2013

Dra te sjøs for ein rockefest!!

Eg må berre få gratulere alle som har bidrege til århundredes Rockfestival i helga, dette var storarta!!  Eg har ikkje tid til å legg ut fleire bilder eller skrive meir no, men kjem tilbake seinare med meir stoff. Om vel 12 timar sit vi på bussen på veg til Gardermoen og fjorten dagars ferie i Kroatia.  Fortsatt god sommar!!



mandag 15. juli 2013

Slektstemne

Rundt 60 store og små var i helga samla til slektstemne i Vedvika.  Det vart eit par trivelege dagar med mykje god mat og drikke, rebusløp, hesteskokasting, luftgeværskyting og pilkast.  Det var dekka til langbord på låven,og praten gjekk livleg både her, i nystova og i store telt på tunet heile dagen og utover kvelden og natta.  Det mangla ikkje på fotomotiv i ei slik anledning, og her kjem nokre smakebitar frå helga.  Eg har hatt litt problem med bloggoppdateringa, så fleire bilder blir lagt ut etterkvart.













lørdag 6. juli 2013

Hornindal rundt 2013

I strålande vær og fine forhold går Hornindal rundt av stabelen akkurat no.  Totalt 234 løparar stilte til start på begge distansar laurdag morgon kl 0900, og tolv timar seinare er berre fire av 110 startande på lengste distansen komne i mål.  Det blir nok sein kveld, natt og lys morgon før alle er komne i mål.  Eg har fylgt løpet frå start, og her kjem fyrste ladninga med bilder frå dagens konkurransar. Fleire bilder vil bli lagt ut etterkvart eg får tid til å redigere.