Den 17. mai 2019 er allereide gått over i historibøkene, og og for min eigen og Liv sin del vart det ei særs roleg feiring. Langt borte frå musikkorps, tog og talar reiste vi til andre enden av Hornindalsvatnet og gjekk vårt vesle tog på gamlevegen rundt Kjøsahammaren. I det mest fantastiske været ein kan tenke seg og med ein natur som boltrar seg i fargar og lys er det ikkje mangel på motiv for ein hobbyfotograf. Bilda mine denne gongen minner vel ikkje så mykje om 17. mai, men eg tek likevel sjansen på å legge ut ein bildeserie av det eg opplevde på turen.
lørdag 18. mai 2019
onsdag 1. mai 2019
10 års jubileumskonsert for operahuset
Det har vore mildt sagt ei hektisk helg for meg og kameraet. Torsdags kveld i operahuset med den fantastiske 10 års jubileumskonserten til Eid ungdomskule og Kulturskulen i Eid. Det berre å bøye seg i hatten for prestasjonane både på og bak scena. Laurdag var det sjøsettinga av Myklebustskipet og søndag var det dåp. Mange timar med intens konsentrasjon om motiv og redigering. Her kjem alle dei redigerte bilda mine frå jubileumskonserten. Takk for ei strålande helg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)







































































