Fredag kveld var Thomas Dybdahl med band og heldt konsert i Operahuset. For meg er dei relativt ukjende musikarar, men det var absolutt ikkje bortkasta å ta turen. Fantastiske musikarar alle i hop med fengande og litt uvande og ukjende rytmer tok salen med storm. Publikum gav tydeleg respons på det dei høyrde med stor applaus og heiarop etterkvart som konserten skreid fram. Det var sjølvsagt ein god del bilder på konserten, og eg har valgt ut og redigert ein del og lagt ut på Facebook, og her kjem resten av det eg tykte var brukande.
søndag 19. oktober 2025
lørdag 27. september 2025
LOTHEPUS
Heimturen frå Haugesund gjekk for meg i eit heilt framandt landskap der eg aldri har vore før. Fjordar, fjell og dalar passerte vindauga på bussen som ein film for augo, så eg hadde knapt tid til å blunke for å få med meg alle inntrykk. Etter nokre mil havna vi i Odda, der det var stopp for synfaring på ein stor attraksjon: Campingplassen og stavkyrkja til Lothepus. Det var ei imponerande oppleving. Å vandre inne i stavkyrkja og rundt om blandt campinghyttene var som å skrue tida fleire hundre å tilbake i tid. Eit imponerande handtverk med trearbeid og steinmuring var utført med profesjonelle hender av folk som verkeleg hadde greie på kva dei heldt på med. Dette er ein attraksjon som verkeleg er verdt eit besøk dersom du er på dei kantar. Under "synfaringa" på anlegget trefte vi plutseleg på fru Lothepus som heldt på med vasking av ei av hyttene. Ho tykte at Reidar såg ut som ein skikkeleg arbeidskar, og heldt på å gje han fast arbeid på flekken. Ferda gjekk vidare nordover langs smale fjordarmar og tusenvis av frukttre. Det vart og tid for ein stopp med kaffipause med noko attåt. Heile turen har vore ei fantastisk oppleving, og vi vil takke Kjølsdalen Sanitetsforening for eit utruleg profesjonelt opplegg frå fyrst til sist. Vi håpar at det vil by seg fleire anledningar til å bli med på tur. Her kjem nokre bilder frå stavkyrkja og campingplassen til Lothepus.








































































