onsdag 6. juli 2011

Tongane på Rugsundøy

Dersom du skulle gå i beit for turmål ein søndag, og i tillegg er interessert i gamle krigsminner, bør du absolutt avlegge eit besøk på Tongane på Rugsundøy.  Ei mengd med gamle kanonstillingar, bunkersar og til og med ei og ei halv kanon kan du studere over eit stort område.  Du treng mange timar på å nå over alt, og terrenget er ypperleg som turmål og veldig spanande for ungar.  Ta gjerne med lykt for å studere dei mørkaste bunkersane. Du kan finne parkering for bilen i nærleiken av tunellopninga for den undersjøiske tunnelen, og så går du forbi husa og inn på ein litt kronglete sti i ca. 1,5 km.  Der er fleire store opplagstavler med informasjon om området i nærleiken av bunkersane.
God tur.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar