søndag 6. november 2011

Haust

Det er ikkje alltid eg klarer å legge ut bilder på bloggen same dagen eller veka dei er knipsa, og det er ikkje alltid bilda må være "ferske" for å kunne bruke dei.  Dagens bloggbilder tok eg for ca. ein månad sidan der eg nytta høvet til å nyte fineværet i lag med kameraet og la motiva berre dukke opp.  Det blir ofte til at eg går oppatt mange gonger på same stadane, men alle som driv med fotografering veit at lys, farge, motiv og stemningar endrar seg frå minutt til minutt så difor blir det aldri kjedeleg.  Eg har forøvrig aldri fotografert Kviefossen med slik vassføring før,  fordi det kan gå mange år mellom kvar gong den er så stor.  Det skal eg kome tilbake til ved eit seinare høve.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar