mandag 18. juni 2012

Isfjord Radio

Vi sit no på Isfjord radio etter ein times frisk tur i open båt frå Longyearbyen.  Dersom ein reiser lenger vestover er Grønland neste. Isfjord radio er ein ganske så aude plass med fire fem bygningar, og det ser nokså kjedeleg og ordinært ut frå utsida.  Vi får eit heilt anna inntrykk når vi opnar døra og kjem inn. Interiøret i husa er berre heilt fantastisk, og ein må sjå det for å tru det.  Eg sit no og skriv på ein gjeste PC, og klarer ikkje å legg ut bilder her ifrå, det får bli seinare.  Noko anna som er spesiellt her er at vi får ikkje gå ut for døra utan våpen på grunn av isbjørnfaren.  Vi har ikkje sett noko til den store kvite bamsen enno, men den har vore på besøk heilt intil husa her fleire gonger så vi tek ingen sjansar.  Utpå kvelden blir det vel ein tur i terrenget her ilag med vår lokale guide og bodygard, Stig Ove, som akkurat no jobbar for fullt med rørinnstallsjonar.  Ellers er det mykje ærfugl her, og ein meter frå inngangsdøra ligg ei ærfuglhoe og rugar på 9 egg, og mange andre ligg lang veggene her.  Dei føler seg vel trygge her på grunn av at reven har egg som livrett, og i fylgje dei som bur her luskar den rundt i terrenget.  Vi kjem tilbake til meir rapportar og bilder seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar