søndag 11. november 2012

First Lego League

Det har vore stor aktivitet i operahuset dei to siste dagane, fyrst med kulturnatt på fredags kvelden og så fylkesfinalen i first Lego League heile laurdag. Eg må inrømme at eg var litt nysgjerrig på dette legogreiene så eg slengde fotosekken på ryggen og tok turen innom for å finne ut kva dette gjekk ut på.  Eg vil ikkje gje meg ut på å forklare i detalj vedrørande konkurransane, men stemninga blant deltakarar og publikum var upåklageleg.  Det var heller ikkje så reint lite nervøsitet, frustrasjon, konsentrasjon og spaning blant dei deltakande laga på scena.  Det var akkurat slik som det skal være i ein fylkesfinale.  Her kjem  nokre glimt frå stemninga i salen og blant deltakarane.  ( Det vil og bli lagt ut fleire bilder på nettsidene til Eid Vidaregåande Skule etterkvart.)


















2 kommentarer:

  1. Veldig bra! Her har du verkeleg fanga stemninga godt på mange av bilda.Også fin variasjon i val av motiv. Flink fotograf og godt objektiv er ein uslåeleg kombinasjon.

    SvarSlett