onsdag 6. februar 2013

Fotokurs

Sist helg var ein del av medlemane i Nordfjord fotoklubb i Ålesund på fotokurs med Kai Jensen, ein av norges beste naturfotografar.  Ålesund kameraklubb stod bak arrangementet, og det vart ei særs vellukka helg på alle måtar.  Kai Jensen er ein utruleg dyktig fotograf og ein kunnskapsrik og inspirerande foredragshaldar.  Timane berre flaug avgarde begge dagane, der laurdagen var via til bildeframsyning og teori og søndagen til praktisk fotografering.  Fyrste økta på søndag var det svanefotografering ved Ålesund museum. Sjølv om vi ikkje er heilt ukjende med dei flotte fuglane var det litt morosamt med over femti fotografar på rekke og rad og minst like mange svaner og andre fuglar som slost om maten og ikkje brydde seg om kameralinsene i det heile. 
Etter lunch gjekk ferda til Alnes fyr for å fotografere hav og bylgjer.  Sjølv om det var heilt vindstilt der ute var der likevel ein del dønningar, og det skal ikkje mykje til å imponere nokre landkrabbar inne frå fjordarmen.  Tusen takk til Ålesund kameraklubb og til Kai Jensen for ei kjempeflott helg,  ditta gav meirmak!  Og her kjem ein liten smak av bilda eg tok i helga.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar