søndag 14. april 2013

X2 2013

I dag var eg ein tur til Volda for å fotografere X2 Longboard, og i motsetning til i fjor då det både var sol, regn og snø, var forholda i dag heilt fantastiske.   Turre fine vegar, sol, mykje folk langs løypa som går i byggefeltet rett ovanfor sentrum, og fin stemning.  Eg er ingen ekspert på området når det gjeld arrangementet, men det kan vel samanliknast med langrennsprint med innleiande prolog og deretter finalar etter utslagsmetoden der dei fire beste står att til slutt på toppen.  Deltakarane har stor fart på bretta sine, ca. 60-70 km/t og dundrar ned gjennom den svingete løypa med imponerande kontroll både på hjul og kropp.
Her kjem ein del bilder frå laurdagens konkurransar.










































1 kommentar:

  1. Synd jeg ikke fikk blitt med.

    Ser artig ut. Både å se på og fotografere.

    Noen fine knall og fall fikk du fanga og ;-)

    SvarSlett