onsdag 1. mai 2013

Nåleis

Vinteren gjer sine siste krampetrekningar,snøen har krope oppom skogavakset og isen på Hornindalsvatnet held på å gå i oppløysing.  Dei fleste er vel grundig lei av kulde og is og lengtar etter grøne marker, blomar i hagen og sol på terassen.  Eg er enno ikkje heilt ferdig med is og snø, for no er det toppsesong for isfotografering, og har du det minste interesse for foto bør du hive deg rundt, for langs med strendene ved Hornindalsvatnet finn du i desse dagar dei flottaste motiv naturen kan by på. Millionar av isklumpar i alle slags fasongar ligg og ventar på deg, og du kan knuse dei i småbitar for å få fram dei figurane du likar best.  Om få dagar er isen blitt til vatn og då er sesongen over for denne gongen.  Her kjem nokre smakebitar av det eg fann før regnet sette inn for alvor i dag.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar