onsdag 20. januar 2016

Plateslepp i Kjølsdalen

Sist laurdag var det plateslepp og konsert med Odd-Erik Lothe i Samfunnshuset i Kjølsdalen.  Han hadde med seg sitt fantastiske band, og hadde likegodt invitert heile Stårheim Songlag og ein kjempeflott bukett av musikarar frå musikkskulen i Eid.  Etter å ha losa oss igjennom den nye plata, Kjærleik og hat, ispedd med friske kommentarar mellom kvart musikkinnslag, kom Stårheim Songlag og musikkskulen på scena.
Det er vel ikkje kvart år det er så mange musikarar og songarar på den scena på ein gong, rundt femti i talet.  Vi som var så heldige å delta på dette storhende hadde ei strålande oppleving, og stemninga blant publikum i den fullsette salen var heilt på topp. Eg har vore på mange utruleg flotte konsertar etterkvart, men av og til kjenner eg ei heilt spesiell kribling i ryggrada når det er noko ekstra.  Denne konserten hadde akkurat dette.  
Som vanleg prøvde eg etter beste evne å få med meg nokre minner festa på fotobrikka, og her kjem eit lite knippe av det mine auge fekk med seg.


















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar