søndag 1. januar 2017
Godt Nytt År 2017
Det har etterkvart blitt ein tradisjon for meg å ta turen utpå moloen i småbåthavna for å fotografere nyttårsrakettane. Forholda i går kveld var heilt perfekte. Heilt vindstille slik at rakettane spegla seg i den blanke sjøen, og regnet heldt seg borte heilt til oppskytinga var over. Eg fekk og besøk av både syskenbarn og fleire fotografar, så stemninga var heilt på topp i det vi gjekk inn i det nye året. Her kjem ein bildeserie frå årets rakettar i Eid sentrum. Godt Nytt år til alle som besøker bloggen min.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar