søndag 12. februar 2017

Frukostbesøk

I dag føremiddag hadde eg planer om å nyte fukosten framfor fjernsynet og VM i jaktstart for kvinner.  Medan eg laga til frukosten måtte eg sjølvsagt kike ut igjennom kjøkenglaset for å sjå om der var noko liv blant småfuglane som eg driv og forar på.  Eg såg ikkje ei einaste  kjøtmeis, men fekk derimot auge på ein rovfugl som sat på ei grein omlag 10 meter frå huset.  Fotografen i meg bråvakna, og eg brukte ikkje mange sekund på å montere telelinsa på kamera og gjere klar.  Ein veit aldri om eit slikt motiv blir sitjande i 10 sekund eller 2 minutt.  Eg likar vanlegvis ikkje å ta bilder ut igjennom kjøkenglaset, men reikna med at dersom eg gjekk ut vart den borte på ein augneblink.  Og fuglen vart sitjande i nærare to timar medan eg fekk foreviga både morgonstellet og morgongymnastikken.  Eg fekk tilogmed tid til både frukost og jaktstart.  Den sette seg etterkvart på ei grein i treet der vi har foringsautomaten til småfuglane og håpte vel på og få seg frukost den og.  Kjøtmeisene heldt seg derimot klokleg borte til den var reist.  Eg vil ikkje skryte på meg å være verken fuglekjennar eller fuglefotograf, men etter at Liv og eg hadde studert fugleboka havna vi på vandrefalk eller spurvehauk.  Håpar at der er nokon som les dette som kan hjelpe.  Tippar på at Svein Hjelmeset tar det på strak arm.  Ei morosam oppleving var det i alle fall.  Her kjem ein bildeserie av morgongymnastikken . Eg har brukt to forskjellige kamera så bilda er ikkje i kronologisk rekkefylgje.




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar