fredag 4. august 2017

Frå Vettisfossen til Vindhella

Eg må berre innrømme det fyrst som sist, det vart kortreist ferie i år og.  Liv og eg er Sogn og Fjordane fans på vår hals, og fann heller ikkje i år nokon grunn til å reise ut av heimfylket på ferietur.  Vi hadde denne gongen invitert med oss to par til som reisefylgje, Jan, Monica, Knut og Lillian, og du verda kor kjekt vi hadde det.  Når seks ungdomar på 50+ slær seg i lag på tur, blir det høgt under taket med mykje lått og moro og mykje god prat med dei utrulegaste tema.  Fyrste delen av turen gjekk til Årdal i Sogn der Liv har vakse opp og er lokalkjend og eg sjølv har vore på mange turar opp gjennom åra.  Målet med turen var Vettisfossen der ingen av oss hadde vore inn til foten av før.  Folkevegen til Vetti har Liv og eg gått mange gonger før, og den er eit imponerande byggverk i det stupbratte juvet med start frå Hjelle.  Den er flittig brukt av både turistar som går tur retur Vetti og vandrande fjellfolk som skal til og frå Jotunheimen.

Dagen etter gjekk ferda til Lærdal og til ein av dei store turistattraksjonane i fylket, nemleg Vindhella på kongevegen.  I mange år har vi tenkt å få oppleve dette fantastiske byggverket, og gråsteingalen som eg er vart eg heilt satt ut over den jobben som gamlekarane hadde gjort her.  Hagemurane mine vart som legoklossar i forhold.  Eg vil anbefale alle å ta ein tur på denne vegstubben, ein liten lett spasertur med litt bratt stigning i starten, men underlaget er som ei golfbane.  
Etter ein liten rast på kafeen ved Borgund stavkyrkje gjekk returen via Sverrestien, ein nydeleg tur på ca.  3 km  i lett terreng, men med litt bratt nedstigning.  Ein fin tur som passar alle aldrar, og det går sjølvsagt an å gå motsatt veg for det er berre ca. 100 meter mellom startpunkta.  Parkering ved den gamle europavegen gjennom Lærdal og informasjonstavle ved starten på Vindhella.
Vi tok oss og tid til ein liten rast i gamledelen av Lærdal sentrum og fekk studere alle dei flotte gamle bygningane der.
Knut og eg tok og turen gjennom Norges brattaste tunell mellom Seimsdalen og Indre Offerdal der vi fekk omvisning i dei gamle husa med blant anna ei eldgamal oppgangssag med 9 blad.
Då vil eg berre takke turfølgjet så mykje for turen, det frista så absolutt til gjentaking, og fylket vårt består av utallige flotte turar som vi endå ikkje har opplevd.  Her kjem ein liten bildeserie på noko av det eg fekk med meg.





























































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar