Her kjem fyrste bildeserien frå Nordnorge med Tromsøbilder.
torsdag 28. november 2019
Tromsøbilder
Sommarferien er for lengst blitt historie og bilda frå den er på ingen måte ferskvare. Eg tek likevel sjansen på å legge ut nokre bildeseriar i tida framover for mange av bilda er tidlause og har ikkje nyheits interesse. Ferieturen til Liv og meg gjekk nordover, og vi hadde 10 fantastiske dagar i Troms og Finnmark med strålande veir og mange flotte og varierte opplevingar. Fyrste stopp var to dagar i Tromsø, ein by eg berre så vidt har vore innom før, for 40-50 år sidan. Tromsø er ein kjempeflott by å vandre i med mange spanande fotomotiv, og kameraet var flittig i bruk heile tida. Noko av det eg likte aller best var Polarmuseet, som i seg sjølv var verdt Tromsøopphaldet åleine. Der kunne eg gått og studert detaljar og informasjon i dagevis. Absolutt å anbefale.
Her kjem fyrste bildeserien frå Nordnorge med Tromsøbilder.
Her kjem fyrste bildeserien frå Nordnorge med Tromsøbilder.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar