fredag 24. juli 2020

Bergen-Kirkenes tur-retur med hurtigruta

Etappe 2, Trondheim-Rørvik

Etter å ha lagt Molde bak oss stod Hustadvika og Kristiansund for tur.  Der passerte vi midt på natta, og dei svake dønningane forbi berykta Hustadvika rugga oss fint i søvn. 
På føremiddag la vi til kai i Trondheim, og der låg vi i omlag tre timar.  Det vart då ein spasertur i bygatene på for å sjå oss omkring der.  Kamera var sjølvsagt med, og nokre bilder vart det der og utan dei heilt store opplevingane.
For oss landkrabbane er det alltid moro å studere alle dei rare farkostane som er på sjøen.
Eg må ærleg innrømme at det er ikkje alt som vi møter på som liknar på ein båt, men det såg no ut som dei fleste heldt seg flytande.  På ferda vidare nordover passerte vi og Kjeungskjæret fyr som er eit av dei mest spesielle og mest fotograferte på Norskekysten.  
Det var ikkje mykje plass å bevege seg på utanfor døra der.  
Vi passerte og under ei mengde med bruer, og på mange av både dei og på brygger stod det ofte folk både med og utan flagg og vinka til hurtigruta.  Det var tydeleg at hurtig
ruta var eit kjærkome innslag på kysten.
Det var ingen stoppestader mellom Trondheim og Rørvik og i kveldinga la vi til kai der for eit kort opphald før vi drog vidare nordover.
Her kjem eit lite knippe bilder  frå etappe 2.




















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar