fredag 19. mars 2021

Ut mot havet

For eit par veker sidan reiste vi i vesterled til weekendopphald på Ulvesund fyr.  Fyrste stopp var imidlertid ei av landets flottaste sandstrender, nemleg Refviksanden.  Der var mange fine fotomotiv, og dei minste fann rikeleg med sand til å spa opp i medbrakte plastbytter.  Det var ikkje mange som hadde funne vegen til Refviksanden den dagen for været var heller surt og kaldt.  Difor pakka vi relativt fort inn i bilen med kurs mot neste stopp, Kannesteinen.  Der var det store bylgjer som slo inn mot stranda, mange fine fjellformasjonar å leike i, og mykje rart å sjå på i fjæra.  Det skal forøvrig ikkje så store bylgjene til å imponere oss som bur langt inne i ein fjordarm.  

Spenninga steig etterkvart som vi nærma oss Ulvesund fyr.  Korleis ville det være å overnatte ved eit 150 år gamalt fyrtårn?  Området svara heilt til forventningane.  Koselege og fint innreia gamle hus utan nokon form for luksus. Heldigvis var der ikkje fjernsyn, radio eller oppvaskmaskin.  Det var som å skrue tida tilbake til barndommen på 50-60 talet.  Menyen til middag var derimot av det meir moderne slaget. Nydeleg medbrakt sushi frå La Voile i Måløy.  Den var som vanleg heilt i toppklasse.  Med total mangel på underhaldning frå sentrale medier, vart det opplæring i brettspel utover kvelden. Liv og eg hadde fått sengar i noko som heitte maskinrommet (utan ein lyd forøvrig) og som seinare viste seg å være kufjøsen.  Det einaste lyset som fann vindauget var lysglimta frå fyret, og den einaste lyden som nådde øyret var det svake suset av bylgjer mot stranda. Ein fredelegare plass skal du leite etter.  Eg har ikkje sove så godt på lenge.

Dagen etter var det tid for å gå på oppdagingsreise i området rundt fyret. Det vart fisketur på kaia, prøve ut dissa i hagen, studere det originale toetasjes geitefjøset og ikkje minst sjå på den mest originale fugleholken vi har sett: ukulelen i bjørka.  Dersom ikkje  fugleungane lærer seg å synge i det huset forestår eg ingenting. Det var og spanande å gå utigjennom portane i den enorme steinmuren rundt fyret for å sjå kva som var på utsida. Eg har alltid vore imponert og ikkje minst audmjuk over det arbeidet som ligg bak desse fantastiske monumenta. For eit enormt slit det har vore å dyrke opp nokre kvadratmeter og bruke steinane til husmurar og gjerder.  Den arbeidsinnsatsen står det enorm respekt av.

Etter eit par flotte og innhaldsrike dagar i ytre Nordfjord sette vi kursen innover igjen. Eg var så heldig å få helse på fyrsjefen sjølv, Sølvi Hopland, nokre dagar seinare.  Ein energibunt av dei sjeldne.  Tusen takk Sølvi for at vi fekk ei fantastisk helg på fyret ditt,  ein perfekt plass for fred og ro.



























Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar