tirsdag 15. juni 2021

Ljøbrekka

I fleire tiår har eg gått og tenkt på at eg skulle ta turen på den gamle postvegen frå Herdalen i Stranda og over fjellet og ned Ljøbrekka. For ein del år sidan gjekk eg opp Ljøbrekka og forbi Ljøsætra, men det har aldri klaffa med å få gå heile turen.  Interessa for gamle vegar, murar og bygningar har berre blitt større og større med åra, og turen ned til sjøkanten frå Ljøen for to veker sidan var ein skikkeleg apetittvekkar.  Forrige søndag bestemt Liv og eg oss for å gå resten av denne fantastiske turen opp Herdalsbrekka og ned til Ljøen.  Vi fekk med oss guiden vår, Eldrid, og la i veg.  Denne vegen vart opprusta frå 2014 til 2020 av sherpaer, og la det være sagt med ein gong, det er ein formidabel jobb som er gjort her.  Det er 21 svingar på Herdalsida og rundt 30 svingar på Ljøen sida og vegen er oppmura i det stupbratte terrenget på begge sider av fjellet.  I tillegg er nesten heile vegen fint oppgrusa og berre ei fryd å gå på.  Eg angra litt på at eg ikkje gjekk heile vegen før den vart opprusta slik at eg fekk oppleve korleis den gamle vegen som var laga for omlag 200 år sidan såg ut. Vi hadde litt forskjellig vær undervegs, alt frå  opplett og fint vær til regn og skodde.  Det gav ein fin variasjon i bilda og stemninga undervegs.  Det var og imponerande å sjå korleis dei hadde jobba med det som skulle bli det nye vegsambandet mellom Sunnmøre og Nordfjord.  Omlag 40 mann starta i 1938 og jobba i fleire år med oppmuring og pukking av trasear til det vart bestemt at vegvalet skulle leggast lavare i terrenget og lang tunell gjennom Ljøen.  Her var mange tusen timar og svettedropar brukt til ingen nytte.  Dersom du er i beit for turvalg, vil eg på det sterkaste anbefale å gå denne turen frå Herdalen til Ljøen eller omvendt.  Du er avhengig av to bilar dersom du ikkje vil gå fram og tilbake same dagen.  Eg har lagt ut ein bildeserie frå turen som kanskje vil inspirere og forklare korleis det ser  ut undervegs.  I tillegg kan du på fleire av bilda lese på oppslagstavlene om detaljar frå turen og anlegga.  God tur.





Her sto brakka til arbeidarane på Herdalsida.




Eit fantastisk veganlegg med 21 svingar oppgjennom stupbratte lia!


Vi lurte fælt på kva denne "kanalen" midt bort på marka var for noko.  Det var sjølvsagt undergang for krøtera på den nye vegtraseen.

Her er tunnellinnslaget for "nyevegen" på Herdalsida.






Imponerande vegarbeid!







Her ifrå er det 4 mil til Ørskoug.












Det var litt av ein vegtrase dei bygde for 80 år sidan!










Takk for turen!

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar