søndag 1. januar 2012

God Nytt År

Når ein har berre ein sjangse for året til å fotografere nyttårsrakettar, må ein være på plass der det skjer når det skjer.  Dei siste åra har eg nytta sjangsen ved å være i sentrum  av Eid rundt midnatt nytårskvelden for å gjere eit forsøk på å feste rakettane til minnebrikka.  Så også i år, og eg vil nytte anledninga til å ynskje alle i Nordfjord fotoklubb  og andre besøkande på bloggen min eit riktig Godt Nytt År med resultatet av årets rakettbilder. 















fredag 30. desember 2011

Dagmar

Det har vore bildetørke på bloggen min i lang tid no, så det er vel på tide å kome på bana igjen.  Været, mørket, og ein del andre gjeremål før jul får vel ta litt av skulda.
Fyrste juledag om kvelden var eg ein tur ned i sentrum for å sjå på det ventande uværet.  Eg knipsa nokre bilder ved dampskipskaia, og sjølv om været og bylgjene vart mykje verre utover kvelden, gir dei ein liten indikasjon på kva som var ventande.  Kvaliteten er så som så,  men sjøvatn og fotouststyr er ein dårlig kombinasjon, så difor sat eg i bilen med rattet som stativ.






torsdag 17. november 2011

Måneskin

I forrige veke hadde vi eit fantastisk måneskin, og då nytta eg sjølvsagt høvet til å ta meg ein runde ei natt med kamerautstyret.  Nok ein gong vart det Kviefossen som vart mest foreviga, for eg har aldri vore der i slikt fantastisk måneskin før.  På dei siste bilda fuska eg litt med lommelykt for å "løfte" skuggane på den gamle kraftstasjonen.  Tykte eg fekk fram litt meir "dramatikk" i bilda ved at glasa kom betre fram.  Dersom du er mørkredd bør du kanskje ikkje oppsøkje slike plassar når du går åleine sjølv om månen lyser aldri så blank.








lørdag 12. november 2011

Kulturnatt i Malakoff

Det var ei magisk, trolsk,spanande,spesiell og flott stemning i Malakoff i kveld.  Måneskin og grauttjukk skodde laga eit heilt spesiellt lys og ein fantastisk atmosfære som passa utruleg flott til arrangementet.  Det var nok litt utfordrande å være fotograf ein slik kveld, men ved hjelp av litt erfaring og små triks vart det no enkelte brukbare bilder.  Dei som stod bak arrangementet, og Kristin Rødven Eide især må få ein kjempehonnør og applaus for eit kjempetiltak som vel ingen på Eid har sett maken til.





















søndag 6. november 2011

Haust

Det er ikkje alltid eg klarer å legge ut bilder på bloggen same dagen eller veka dei er knipsa, og det er ikkje alltid bilda må være "ferske" for å kunne bruke dei.  Dagens bloggbilder tok eg for ca. ein månad sidan der eg nytta høvet til å nyte fineværet i lag med kameraet og la motiva berre dukke opp.  Det blir ofte til at eg går oppatt mange gonger på same stadane, men alle som driv med fotografering veit at lys, farge, motiv og stemningar endrar seg frå minutt til minutt så difor blir det aldri kjedeleg.  Eg har forøvrig aldri fotografert Kviefossen med slik vassføring før,  fordi det kan gå mange år mellom kvar gong den er så stor.  Det skal eg kome tilbake til ved eit seinare høve.












søndag 30. oktober 2011

Sjukehuset 75 år

Sjukehuset feira i kveld sitt 75 årsjubileum i eit nesten fullt operahus.  Det var ei flott, mangfaldig og verdig feiring  av jubilanten.  Her kjem eit lite knippe av bilda mine frå jubileumsfeiringa.