søndag 11. november 2012

First Lego League

Det har vore stor aktivitet i operahuset dei to siste dagane, fyrst med kulturnatt på fredags kvelden og så fylkesfinalen i first Lego League heile laurdag. Eg må inrømme at eg var litt nysgjerrig på dette legogreiene så eg slengde fotosekken på ryggen og tok turen innom for å finne ut kva dette gjekk ut på.  Eg vil ikkje gje meg ut på å forklare i detalj vedrørande konkurransane, men stemninga blant deltakarar og publikum var upåklageleg.  Det var heller ikkje så reint lite nervøsitet, frustrasjon, konsentrasjon og spaning blant dei deltakande laga på scena.  Det var akkurat slik som det skal være i ein fylkesfinale.  Her kjem  nokre glimt frå stemninga i salen og blant deltakarane.  ( Det vil og bli lagt ut fleire bilder på nettsidene til Eid Vidaregåande Skule etterkvart.)


















Kulturnatt

Fredag kveld var det kulturnatt i heile Nordfjord, og eg var ein tur rundt i sentrum av Nordfjordeid for å sjå på kva som skjedde her.  Fyrste stopp var Kringla og Eid Frivilligsentral der det var bokslepp og Cd presentasjon der tilhøyrarane kosa seg med kaffi og noko å bite i. 
Deretter gjekk turen til Operahuset og kulturskulen sitt arrangement der.  Der var det flott stemning, mykje folk og mange fine prestasjonar på scena.  Eg blir stadig like forundra over tilstrøyminga av unge lovande talent som opptrer på podiet med song og musikk som den største sjølvfylgje.  Her kjem noko av det eg opplevde gjennom linsa mellom instrument, ledningar, notestativ og mikrofonar.


































søndag 4. november 2012

Vågsøy

Dei månadane vi er inne i no er vel ikkje dei beste for dei fleste når det gjeld utandørs fotografering.  Det er mørkt når ein reiser på jobb, og mørkt når ein kjem frå jobb slik at ein er avhengig av fint vær i helga for å få brukbare bilder.  I dag var ein slik dag, blå himmel og sol, og dermed gjekk ferda mot vest og området i nærleiken av Kråkenes fyr.  Her kem nokre få glimt av dagens fangst.