lørdag 1. mars 2014
Legally Blonde Premiere
Ja, då er premieren i Legally Blonde over, og publikum var nærmast i ekstase etter forestillinga. Den ståande applausen ville ingen ende ta og det var nesten hysterisk begeistring i foajeen etterpå. Klemmane og tårene sat laust blant foreldre, vener og aktørane som leverte fyrverkeri på scena. Det som var prestert i kveld ligg langt over grensa til kva ein forventa og trudde var mogeleg. Du har enno to sjansar til å unngå å sitje på mandag og angre på at du ikkje gjekk på musikal, men vær rask, dei resterande billettane kjem til å fyke ut. Her kjem ein bildeserie som på ingen måte rettferdiggjer prestasjonane, men det er no i alle høve nokre glimt av det eg fekk med meg.
torsdag 27. februar 2014
Legally Blonde
I kveld var det generalprøve på musikalen Legally Blonde i operahuset. Michael Pavelich legg lista høgare og høgare for aktørane på scena, og dei bestod med glans. Med ei vanskelegsgrad på song og musikk som eg knapt har høyrt maken til er det utrulege prestasjonar som elevane på vidaregåande og musikarane i orkestergrava har øvt inn. Er du i det minste tvil om kva du skal prioritere av undrhaldning i helga så må du ikkje tvile lenger. Bestill billett med ein gong og ta turen til Operahuset på ei av forestillingane, du kjem ikkje til å angre. Her kjem nokre små smakebitar frå generalprøva.
søndag 16. februar 2014
Laila B
Laila Beathe Førde frå Bremanger hadde i lag med bandet sitt, Laila B Band, invitert til plateslepp og gratis konsert i Operahuset i går kveld. I lag med seg hadde dei invitert ei rekke musikarvener og to blandakor frå Bremanger og Svelgen og det vart ein fantastisk konsert. Utruleg variert med solospel og song som syner at folket i Bremanger ikkje ligg noko tilbake for kulturlivet lenger inn i Fjordane, heller tvert om. Laila, du må meir enn gjerne ta med deg heile ensembelet inn til Operahuset fleire gonger. Du er hjarteleg velkoma, men neste gong behøver du ikkje være så beskjeden, konserten din var like mykje verdt i inngongspengar som alt anna som blir framført på operascena. Her kjem nokre bildeglimt frå ein herleg konsert.
Abonner på:
Innlegg (Atom)