lørdag 1. mars 2014

Legally Blonde Premiere

Ja, då er premieren i Legally Blonde over, og publikum var nærmast i ekstase etter forestillinga.  Den ståande applausen ville ingen ende ta og det var nesten hysterisk begeistring i foajeen etterpå.  Klemmane og tårene sat laust blant foreldre, vener og aktørane som leverte fyrverkeri på scena.  Det som var prestert i kveld ligg langt over grensa til kva ein forventa og trudde var mogeleg.  Du har enno to sjansar til å unngå å sitje på mandag og angre på at du ikkje gjekk på musikal, men vær rask, dei resterande billettane kjem til å fyke ut.  Her kjem ein bildeserie som på ingen måte rettferdiggjer prestasjonane, men det er no i alle høve nokre glimt av det eg fekk med meg.







































Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar