søndag 16. mars 2014

Solfest i Longyearbyen

Dei fleste lengtar etter sol og varme på denne årstid, pakkar kofferten og dreg til sydlegare breddegrader i vinterferien.  Sidan vi har ein representant  i familien som er fastbuande i Longyearbyen på Svalbard fann vi ut av vi dreg i stikk motsatt retning av det andre gjer, reiser nordover på besøk.  Sola kjem tilbake til sentrum den 8. mars, og heile veka og spesiellt i helga er det mange arrangement ved det høve.  Dette ville vi oppleve og hadde eit tettpakka program i fire dagar.  To snøscooterturar, tre rockekonsertar, cabaret, akekonkurranse/skileik, galleribesøk og fotografering både dag og natt.  Motiva på Svalbard står nærmast i kø for å sleppe inn gjennom objektivet på kameraet, så det var ikkje tid til å kjede seg.  Værmessig kunne det vore noko betre, sola såg vi ikkje mykje til, men temperaturen var behageleg med berre eit par minusgrader.  Her kjem eit utval bilder frå turen, det er vanskeleg å få med alle inntrykka, men gir vel eit visst utval av kva vi fekk med oss.

 


Torsdag kveld var det rockekonsert på "Kroa" i sentrum med Taliban Airways med god stemning og høgt lydnivå, men eg hadde med Malakofføyreproppene mine så det gjekk heilt fint.






Fredag var det debut på snøscooter både for Liv og meg, men Stig Ove er ein habil scootersjåfør, så det gjekk heilt fint.  Det var faktisk fantastisk moro!!



Isbjørn såg vi ikkje denne gongen, men reinsdyr derimot var det overalt.



Vi har sett ein del telehiv her heime og, men maken til telehivet du ser bak scooterane har vi ikkje sett før.  Det lokale namnet er forøvrig Pingo.

Det var to andre scooterdebutantar med på turen, nemleg Eidagutane Bjørn Berdal og Jon Håkon Midthjell som er gamle skulekamerater med Stig Ove. 







Fredag kveld var det konsert med Dum Dum Boys i kulturhuset der det var fullt hus og stormande jubel.  Eg fekk meg forøvrig ein liten prat med endå ein Eidar, nemleg Jarle Kvalsund som er lydteknikar i bandet.












Kombinert snøscooter og gangbru!





Laurdag var det feiring av at sola skulle vende tilbake til sentrum i Longyearbyen og 10 årsjubileet for soluret som Louise Rigozzi hadde konstruert.  Ho er frå Australia og fortalde at det var 42 minusgrader då soluret var innvia.  Det er forøvrig folk frå nesten 40 ulike nasjonar i Longyearbyen.


Fin gamal årgang.


Her er det uteservering i akebakken der det var stor aktivitet med skileik og akekonkurranse for både små og store.










Etter akinga vart det besøk på det fantastiske kunstgalleriet der det er noko for kvar ein smak.




Vi var og ein tur innom idrettshallen som er nesten på storleik med den på Eid.  Der var dei i full sving med å utvide den allereide store klatreveggen.


Laurdag kveld serverte Spitsbergen Revylag  musiklaske perler frå vårt kullager på Huset, det andre kulturhuset i Longyearbyen.  Fantastisk flott song og musikk med lokale tekstar med snert.








Og etterpå var det konsert/dans med Bjørn Tyldum trio der ein del av publikum vart invitert til intimkonsert på scena.





Søndagen var Stig Ove og tre kameratat pluss meg på snøscootertur til Colesbay, ei russisk utskipingshamn for kol som vart nedlagd på byrjinga av 60 talet. Ein kjempeflott tur.


Vi nytta og høvet til å sjekke revefellene til pelsjegeren undervegs på turen, men der var dessverre ingenting.







Helge er ein habil scooterkøyrar og måtte vise litt av kunstane sine til ære for fotografen.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar