tirsdag 25. mars 2014

Hjortemøte

Eg får større og større respekt for alle dei utruleg dyktige naturfotografane  som tek dei mest fantastiske bilder av dyr og fuglar i sitt rette element. Sjølv har eg vore med på hjortejakt i 20 år og avdi eg berre er jagar og ikkje jeger dreg eg nesten alltid med meg kamera på jakt.  Hjort har eg sett mange gonger både i jakt og tursamanheng, men aldri fått skikkelege bilder av dei.
Sist søndag var eg ein tur i marka med kamera som vanleg i høg beredskap og trefte då på tre hjortar som eg fekk stå og beundre i 10-15 minutt utan at dei såg meg.  Garva naturfotografar og hortejegerar kjem vel til å flire seg ihel av desse bilda dersom dei ser dei, men det bryr eg meg lite om.  Eg hadde ei flott oppleving, og fekk det fyrste nokolunde bilde av ein hjort i sitt rette element.  Det må leggast til at det var skodde i skogen der eg var, så difor er bilda noko diffuse.  Då dei omsider oppdaga meg var det ikkje mange sekunda før dei var borte for godt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar