lørdag 22. mars 2014

Turandot

Det er vel ikkje noko musikkstykke eg har høyrt så mykje på som Nessun Dorma av Puccini.  Eg kan høyre det omatt og omatt i alle versjonar med alle dei største tenorane i verda, og eg blir aldri lei.  For omlag eit år sidan fekk eg greie på at Turandot skulle setjast opp i operahuset, og eg har gleda meg kvar dag sidan.  Eg var til stades i Valhall då Richard Fracker hadde konsert der for nokre år sidan og eg hugsar enno kor veggane skalv av begeistring i det gamle ærverdige ungdomshuset.  Aldri har maken til stemme vore innanfor dørene der, og i kveld fekk vi oppleve han i Operahuset. I lag med dei andre strålande solistane, eit fantastisk kor og eit overveldande orkester med ein Michael Pavelich i storform kunne vel kvelden neppe blitt betre.  Maken til jubelbrøl og trampeklapp har eg knapt høyrt i operahuset, det var vel som om Norge hadde vunne 3-0 over England i fotball.  Her kjem ein liten bildekavalkade over premieren.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar